1947/1948
Hareid vart medlem av fotballkrinsen i desember 1946. Neste år var Hareid klare for seriespel i 3.-divisjon (NB. På denne tida gjekk seriane haust-vår).
Hareid spelte i avdeling saman med Ørsta B, Hødd B og Volda. Treningane tok til i april.
Etter endt haustsesong kunne Hareid seie seg nøgde. Ingen tap og tabelltopp med sju poeng. To kampar stod igjen til våren. Først vann Hareid 2-0 mot Hødd B. I siste kamp vart det tap 4-2 mot Ørsta B. Men sidan Ørsta hadde nytta ein a-lagsspelar, mista dei sigeren, og Hareid vann avdelinga.
Dermed fekk Hareid spele om opprykk. Motstandarane var Stranda og Guard. Hareid slo Guard og tapte mot Stranda, som rykte opp.
Hareid fekk som avdelingsvinnar i tillegg spele om KM. Motstandarane var dei same; Stranda og Guard. Men Stranda møtte ikkje opp til kampen på Hareid, og Guard trekte seg, så Hareid vart krinsmeistrar utan å spele ein kamp...