10.10. FRÅ ARKIVET: DET FØRSTE HAREID-LAGET I 1946

For om lag tre og eit halvt år sidan vart det laga ein del artiklar om Hareid-fotballen si historie. Dei vart trykte i heftet som kom ut i høve fotballgruppa sitt 70-årsjubileum i 2016. No er planen å få lagt ut artiklane digitalt her på sida. Her kjem den første historiske artikkelen, som tek for seg oppstarten av fotballen i det som då heitte Hareid Turnlag i 1946.