Skriv ut

20.10. HAREID-SKODJE 2-0: DRAMAET ENDA GODT

Målscorarane Husøy og Brekke.
Målscorarane Husøy og Brekke.

Frå det 48. til det 52. speleminuttet var Hareid i 5.-divisjon. Alle dei andre resultata gjekk mot Hareid, medan det framleis stod 0-0 i Hareidsmyrane. Og sjølv om Thor-Ove Brekke fann nettmaskene i det 52. minutt var det spennande heilt til det 89. minuttet. Då dukka Kim-Tore Husøy (i sin aller siste a-kamp) opp og banka inn 2-0. Ikkje berre heldt Hareid plassen, noko som er eit halvt opprykk i seg sjølv. Men Hareid enda heilt oppe på sjetteplass, også forbi LGFK.

Hareid var tilbake i sin vande 4-3-3-formasjon. Gustav Bjørlykke Kløving fekk fornya tillit på midten. Lars Roar Holstad og Håvard Mork Breivik var tilbake i forsvaret. Robin Jackson Indreflø vart flytta opp på venstrekanten. Av dei som starta sist vart både Martinus Røyset Bakken og Eiliv-Tore Howlid benka. Kim-Tore Husøy var tilbake i kamptroppen etter å ha stått over dei to siste kampane med skade. Etter planen legg Husøy opp etter denne kampen (eller i alle fall trappar han ned).

Jamn 1. omgang
1. omgang var eigentleg ikkje spesielt god av Hareid. I løpet av dei tre første minutta skapte Skodje faktisk to enorme sjansar. Så Hareid var heldige som ikkje kom under tidleg. Det vart mykje nesten med heimelaget offensivt. Fire offside-avvinkingar i løpet av kort tid, blant anna. Men både Robin Jackson Indreflø og Thor-Ove Brekke hadde sjansar inn mot pause som var på høgde med dei Skodje skapte tidleg i omgangen. Alt i alt var det greitt med 0-0 til pause.

Fire minutt i 5.-divisjon
Etter pause var derimot Hareid det klart beste laget. Det var ikkje rare greiene Skodje skapte den omgangen. Men spennande vart det. Til tider altfor spennande. I det 48. minuttet tikka det inn melding om at Norborg hadde gått opp i leiinga mot Godøy. Frå før av leia Ørsta mot Stranda. Så akkurat då var Hareid faktisk i 5.-divisjon. Heldigvis for dei med hjartetrøbbel eller andre sportsrelaterte nerveproblem (referenten stod heldigvis rett ved sidan av kommunelege Vollsæter, i tilfelle det skulle skje noko), varte denne situasjonen berre i fire minutt. Då kom Gustav Bjørlykke Kløvning på eit flott raid framover høgresida. Han la ballen mot venstre. Skodje-spelaren som skulle klarere bomma rett og slett på ballen. Dermed kunne Thor-Ove Brekke meir eller mindre ufortstyrra sende ballen i målet. 1-0!

Sjansesløsing
Så lenge det stod 1-0 var det uhyre spennande. Sjølv om Skodje ikkje hadde dei store sjansane så veit jo ein aldri kva som kan skje. Brått får motstandaren eit mål ut av ingenting, slik som Stranda gjorde mot Hareid sist runde. Heldigvis skjedde ikkje det. Men Hareid kan også takke seg sjølve for spenninga. Både Brekke (54), Stranden (73), Brekke igjen (74) og Stranden igjen (84) kunne eller burde ha sett store sjansar i mål. 

Husøy vart helten
Ein som ikkje let seg be to gonger er Kim-Tore Husøy. Etter 89 minutt fekk Hareid eit frispark frå venstre. Brekke var først bortpå ballen inne i feltet. Så fekk Husøy ballen på bakarste stong og sette han i målet. 2-0. Og då gjekk rundt 140 personar i Hareidsmyrane bananas og vel så det. Takk skal du ha, Kim-Tore Husøy!
   På slutten handla det om å ikkje skape fornya spenning. Skodje fekk eit frispark og andre halvfarlegheiter. Men Hareid rodde 2-0-sigeren i land.

Nødvendige poeng
Og desse tre poenga var heilt nødvendige. For både Ørsta og Norborg gjorde jobben og vann sine kampar. Hadde det enda 1-1 på Hareid ville Hareid gått ned saman med Valder, Skodje og Stranda.
   I staden endar Hareid faktisk heilt oppe på sjetteplass, med 29 poeng. Med andre ord ei god avslutning på ein varierande sesong.

Ulike sesongoppsummeringar kjem etter kvart.

Til slutt; takk til den som alltid trufaste heimefansen. Ikkje spesielt artig å vere det dårlegaste heimelaget i 4.-divisjon. Men publikum har gitt karane sjanse på sjanse. Og til slutt kom lønna for oppmøtet.

Ref. HIL

Kampfakta
4.-divisjon 2016, runde 22, 20. oktober
Hareid - Ørsta 2-0 (0-0)
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 140
Mål: Brekke (52) og Husøy (89)
Dommar: Rolf J. Eldevik - Ellingsøy
Gult kort: Husøy, Hareid
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide - Lars Roar Holstad, Simon Holstad Grimstad, Håvard Mork Breivik, Nauris Driksna (Venthan Ketheeswaran) - Gustav Bjørlykke Kløvning (Eiliv-Tore Howlid), Torgeir Skeide (K), Roar Amundsen - Runar Stranden, Thor-Ove Brekke, Robin Jackson Indreflø (Kim-Tore Husøy).
*** Brekke, ** Kløvning, * Holstad

Andre resultat: Godøy - Norborg 0-2, Ørsta - Stranda 3-2, Valder - SIF 2-2, LGFK - Langevåg 0-6, Emblem - FK Sykkylven 2-4.