Skriv ut

14.10. STRANDA-HAREID 1-2: GJORDE JOBBEN, NO STÅR EITT HINDER IGJEN

Hareid sitt første mål, ved Håvard Øvrelid (nummer 9).
Hareid sitt første mål, ved Håvard Øvrelid (nummer 9).

Dette var ein av mange kampar i år der Hareid har dominert stort både med tanke på spel og sjansar. Forskjellen frå dei andre kampar i år er at Hareid klarte å bikke denne rett veg. Desse tre poenga var heilt nødvendige for at Hareid skal kunne halde seg oppe i 4.-divisjon. Men Hareid må også slå Skodje neste veke om det skal skje.

Forfall
Som meldt før kampen sleit Hareid med mange forfall denne gongen. Hareid fekk også to forfall på sjølve kampdagen; Nikolay Sundgot (jobb) og Jon André Skarshaug (skade). Hareid reiste dermed innover med ein tropp på 15 spelarar. Det inkluderte to keeperar og 15 år gamle Filip Varhaug. Han fekk ikkje debuten sin denne gongen, men blir nok ein kar vi får høyre meir om i åra som kjem.

Ny formasjon
Hareid hadde få typiske sentrale midtbanespelarar tilgjengelege til denne kampen, og valde derfor å gå ut i 4-4-2 for første gong i år. Gustav Bjørlykke Kløvning kom inn sentralt saman med Torgeir Skeide og gjorde eit friskt inntrykk der. Martinus Røyset Bakken starta i angrepet saman med Thor-Ove Brekke.
   Eigentleg var Hareid best heile kampen gjennom. Det var svært få periodar av kampen der Stranda hadde overtaket. Og sett vekk frå målet deira skapte dei vel strengt tatt ingenting. Hareid skapte derimot mykje, men sleit som vanleg med låg utteljing på sjansane.

Krem- og krydderjenter
Vi kan også ta med at atmosfæren rundt kampen var av det spesielle slaget. Dette var altså dagen då Therese Johaug vart tatt i doping, kongen av Thailand døydde - og Bob Dylan fekk Nobel-prisen. Då Hareid kom til Stranda litt før klokka 18.00 valde arrangørane å setje på 90-talet i reprise, altså best of-samlinga til Spice Girls på fullt volum. Då den cd-en endeleg var ferdigspelt køyrde dei på vidare med Markus og Martinus...

Fantastisk støtte
Nei, då var Hareid sine supporterar betre. Dei var om lag 20 i talet og gav jernet gjennom heile kampen. Her skulle Godøy-veggen ha vore for å ha lært litt, faktisk. La oss håpe Hareid-supporterane blir med oftare og ikkje berre på enkeltkampar. For at støtta deira betydde mykje for spelarane skal det vere liten tvil om. (Sjekk videoane som ligg på twitter.)

Over igjen til kampen:

Allereie etter tre minutt kom den første sjansen. Runar Stranden prøvde seg, men forsøket vart redda. På den andre kvalifiserte sjansen kom Hareid-målet. Gustav Bjørlykke Kløvning kjempa seg innover mot 16-meteren. Han sende ballen vidare til Håvard Øvrelid. Det første forsøket redda keeper. Men returen sette "Øvris" i mål. Seinare i omgangen kom Stranda litt meir med. Men det var Hareid som skapte sjansane. Eit nytt forsøk frå Runar Stranden skremde heimelage, utan å gi utteljing. 0-1 til pause var greitt ut frå spel og sjansar.

Stranden avgjorde
Hareid skapte to store sjansar like etter kvilen, ved Stranden og Brekke. Men så, ut av intet, fekk Stranda 1-1 etter 53 minutt. Eit frispark gjekk via både heime- og bortespelarar før ballen ramla i mål. Heldigvis slo Hareid kjapt tilbake. Høgresida ved Stranden og Robin Jackson Indreflø var farlege gjennom heile kampen. Og det var nettopp desse som kombinerte to minutt seinare. Indreflø fann Strandem, som forserte inn frå høgre og sende ballen nede i det lengste hjørnet.

Sjansesløsing de luxe
Sjølv om Stranda ikkje skapte meir etter dette var kampen ulideleg spennande. Ein veit jo aldri. Brått får dei ein corner eller eitt eller anna som sprett via eitt eller anna og i mål. Det skjedde heldigvis ikkje denne gongen. Men at Hareid burde ha scora mange fleire mål siste halvtimen er det ingen tvil om (laget spelte ein god kamp, det skal vi ikkje gløyme). I det 71. minutt avslutta Brekke hardt i stonga etter eit mønsterangrep. Minuttet seinare kunne det sjå ut som ballen var over linja etter ein dødball, men nei. I det 81. minutt bomma Brekke på ein ny eventyr-sjanse då keeper gav retur på eit frispark. Brekke var ikkje kald nok og banka ballen over mål upressa. Innbytar Venthan Ketheeswaran ville også vere med på sjansesløsinga. Fire minutt før full tid skar han inn frå høgre. Men sjølv om det var ledig nede i hjørnet sende han ballen utanfor.

La gå. Vi får håpe på betre utteljing mot Skodje neste torsdag. Hadde Ørsta tapt i går hadde Hareid faktisk vore redda allereie no. Men Ørsta henta på imponerande vis opp 0-2 til 3-2 borte mot FK Sykkylven. Dermed må Hareid slå Skodje for å kunne vere med i 4.-divisjon også neste år. Så enkelt og så vanskeleg er det...

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon 2016, runde 21, torsdag 13. oktober
Stranda - Hareid 1-2 (0-1)
Mona stadion
Tilskodarar: Ca. 100
Mål: 0-1 Øvrelid (9), 1-1 Stranda (53), 1-2 Brekke (55)
Dommar: Josef Benchi, Giske IL - 6
Gule kort: Øvrelid, Hareid
Hareid (4-4-2): Sigve Overå Hide - Robin Jackson Indreflø, Simon Holstad Grimstad, Eiliv-Tore Howlid, Nauris Driksna - Runar Stranden, Torgeir Skeide (K), Gustav Bjørlykke Kløvning, Håvard Øvrelid (Fredrik Andresen 90) - Martinus Røyset Bakken (Venthan Ketheeswaran 62), Thor-Ove Brekke.
*** Stranden, ** Indreflø, * Kløvning