Skriv ut

06.10. HAREID-FK SYKKYLVEN 0-2: SKAL ALDRI MOTGANGEN TA SLUTT?

Ein typisk situasjon. Torgeir Skeide blir tatt 17 meter frå FKS-målet, men får ikkje frispark. Dommar Torgeir Halsen la lista ekstremt høgt første halvtimen.
Ein typisk situasjon. Torgeir Skeide blir tatt 17 meter frå FKS-målet, men får ikkje frispark. Dommar Torgeir Halsen la lista ekstremt høgt første halvtimen.

Igjen leverte Hareid ein ganske bra prestasjon mot eit godt lag. Men Hareid har problem med å få marginane på si side. I dag scora Hareid to mål, men begge vart annullerte. 

Dei andre resultata i dag gjekk mot Hareid. Men det er framleis mogleg å halde seg oppe i 4.-divisjon.

Hareid stilte som varsla nykomponert. Robin Jackson Indreflø var tilbake frå start, no som høgreback. Venthan Ketheeswaran starta også for første gong på lenge. Han tok høgrevingen. Evigunge Eiliv-Tore Howlid starta som anker på midten. 

1. omgang var rimeleg sjansefattig. Spesielt første halvtimen var prega av mange duellar, og ein dommar som la lista svært høgt for kva som var frispark eller ikkje. Det gjorde at spelarar og leiarar frå begge leirar uttrykte si misnøye med Torgeir Halsen, som var hovuddommar denne gongen. Dagens første kvalifiserte sjanse kom etter 18 minutt, men FKS-spelaren avslutta altfor svakt frå godt hald. Fem minutt seinare var Hareid-spissen Thor-Ove Brekke på farta. Avslutninga vart ikkje farleg nok. Vidare fekk Simon Holstad Grimstad ein 70 %-sjanse på ein dødball etter 31 minutt. Headinga vart blokkert. Minuttet seinare var Tobias Sagli frampå for bortelaget, men det vart aldri meir enn ein 60-70 %-sjanse det heller. 

0-0 til pause var for så vidt ikkje noko å klage på for nokon av laga. Men vi følte at Hareid kanskje var 2-3 % betre spelemessig enn gjestane.

Det var i alle fall liten tvil om at Hareid starta 2. omgang best. Første minutta etter kvilen hadde FKS-forsvaret meir enn nok med å rydde opp innlegg og anna som Hareid fekk inn i boksen til bortelaget. Typisk nok fekk FKS kampens første scoring etter 58 minutt. Tobias Sagli fekk stå umarkert bakarst i feltet. Fem minutt seinare burde det stått 1-1, men den gode FKS-keeperen redda forsøket frå Simon Holstad Grimstad.

Med knappe halvtimen igjen å spele kom Nikolay Sundgot og Martinus Røyset Bakken inn på kvar sin kant for Hareid. Etter to minutt på bana sende Sundgot heimelaget opp i leiinga - trudde alle. Linjemann Morten Digernes annullerte målet for offside. Men her var nok Digernes på ville vegar. Alle som stod på haugen med god sikt meinte Sundgot aldri var på feil side. Surt.

Berre minuttet seinare var Brekke frampå igjen - utan utteljing. 71 minutt var spelt då Hareid varta opp med det som lenge såg ut som ei kjempekontring. Hareid kom faktisk fem mot to. Men Roar Amundsen mista ballen. FKS tok ei kontring på kontringa, og typisk nok scora dei. 

Hareid la etter kvart om til 4-4-2 og flytta Simon Holstad Grimstad opp på topp. Heimelaget skapte fleire store sjansar. Blant anna hadde Brekke ein god ein etter 80 minutt, Grimstad fekk eit mål annullert (typisk nok) og det vart elles skapte fleire "klyngesjansar" framfor FKS-målet.

Nei, dette var ikkje Hareid sin dag. Ikkje i dag heller.

Dessverre vann både Ørsta og Valder i dag. Men Hareid står om det blir sigrar mot Stranda (borte) og Skodje (heime). Ikkje lett, spesielt ikkje med Stranda på bortebane. Dei skapte mykje trøbbel for Valder i dag.

Men kanskje er det snart på tide å ha litt stong inn?

*

Når det gjeld spelarar som stod fram på Hareid i dag, kunne sikkert fleire ha vore nemnt. Det var ingen som var direkte dårlege. Sjølv om Thor-Ove Brekke ikkje scora la han ned ein enorm innsats på topp. På same måte var det jobba steinhardt på sentral midtbane. Og Grimstad var solid bakover og farleg framover. Også kjekt å sjå Indreflø tilbake i bra slag på backen. Og Sundgot viste såpass mykje lovande på kanten siste halvtimen at han ut frå det bør vere aktuell til å starte neste gong, om han ikkje er på jobbreise.

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon 2016, runde 20
Hareid - FK Sykkylven 0-2 (0-0)
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 75
Mål FKS: Saglid + ...
Dommar: Torgeir Halsen, ÅVK
Gule kort: Øvrelid (Hareid)
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide - Robin Jackson Indreflø, Simon Holstad Grimstad, Håvard Mork Breivik, Nauris Driksna - Torgeir Skeide (K), Roar Amundsen, Eiliv-Tore Howlid - Venthan Ketheeswaran, Thor-Ove Brekke, Håvard Øvrelid.
+ Bakken og Sundgot frå 63. Andresen, Skarshaug og Kløvning frå 88.
*** Brekke, ** Grimstad, * Skeide

Andre resultat: Valder - Stranda 4-2, Ørsta - Norborg 3-2, SIF - LGFK 5-2, Langevåg - Skodje 7-0, Emblem - Godøy 3-1.