Skriv ut

22.09. HAREID-GODØY 0-4: HAREID i MOTBAKKE, TAPTE PÅ FYSIKK OG KLØKT

Hareid gjorde enkle og skjebnesvangre feil, medan Godøy viste seg fram som eit fysisk og rutinert lag med som heldt hovuda kalde i viktige situasjonar. Hareid tapte heilt fortent i kveld, sjølv om ein kan påstå at Godøy var effektive.

Godøy scora på over halvparten av sjansane sine, og i alle fall 1-0 var det jo eit gåvmildt Hareid-forsvar som rett og slett gav dei. Samtidig skapte Hareid ingen klare 100 %-sjansar, kanskje to-tre 75 %-sjansar - så ein skal ikkje klage på resultatet sånn sett. I periodar spelte Hareid vel så god fotball som Godøy, men det vart liksom aldri noko meir enn nokre gode trekk og kanskje eit bra innlegg. Hareid var ikkje farlege inne i Godøy sin boks. Dette skuldast først og fremst at Godøy jamt over hadde eit rutinert lag med mange kraftige karar. Hareid hadde og har eit langt yngre lag med mange lette spelarar. Desse spelarane har herja bra mot fleire lag i 4.-divisjon tidlegare i år. Men mot Godøy i kveld vart Hareid rett og slett tatt på fysikken.

Dei viktigaste hendingane frå kampen:
* 7 min.: Driksna og Grimstad misforstår kvarandre kraftig. Brått er Godøy-spelar K. Dyb åleine med Hide og scorar enkelt. 0-1.
* 22 min.: Hareid har hatt ein god periode etter 0-1, men det hjelper lite i denne situasjonen. J. Mulelid scorar frå kort hald etter ein retur. 0-2.
* 51 min.: 0-3. Scoring som er typisk for forskjellen på laga. Brynestad får stå altfor einsam på bakarste stong og heada ballen i mål.
* 71 min.: Sjanse til Godøy, men skotet går ein meter over mål.
* 89 min.: Først god redning av Mork, men Nyvoll scorar på returen. 0-4. 
* 94 min.: Etter ein god periode scorar August Brandal for Hareid, men målet blir annullert for offside. 

Vel, Hareid har no tapt tre på rad og har ein jobb å gjere dei fire siste kampane for å kunne stå i divisjonen. Trøysta er at det framleis er fire poeng ned til det vi trur er streken. (Medan det var til dømes ikkje positivt at Ørsta tok poeng mot Emblem i dag.) Hareid sin neste kamp går borte mot Norborg neste torsdag. Den blir svært viktig for begge laga. 

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon, runde 18, 22. september 2016
Hareid - Godøy 0-4
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 120
Mål: Dyb, Mulelid, Brynestad, Nyvoll
Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL
Gult kort: Husøy (Hareid)
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide (Vagn Scheide Mork 81) - Lars Roar Holstad (Gustav Bjørlykke Kløvning 65), Håvard Mork Breivik, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna - Torgeir Skeide (K), Roar Amundsen, Kim-Tore Husøy (Eiliv-Tore Howlid 60) - Runar Stranden (Venthan Ketheeswaran 60), William Valde Bigset (August Brandal 68), Håvard Øvrelid (Fredrik Andresen 68).
*** Skeide, ** Breivik, * Amundsen

Andre resultat: Langevåg - FK Sykkylven 1-2, SIF - Stranda 3-0, Valder - Norborg 2-4, Ørsta - Emblem 2-2.

Tabellen.