Skriv ut

08.09. HAREID - ØRSTA 1-2: BEST I ALT, SETT VEKK FRÅ Å SCORE

Då Runar Stranden sette inn 1-0 til Hareid (vart skadd i det han scora) trudde nok dei fleste at Hareid hadde sikra seg ein velfortent siger. Slik vart det derimot ikkje.
Då Runar Stranden sette inn 1-0 til Hareid (vart skadd i det han scora) trudde nok dei fleste at Hareid hadde sikra seg ein velfortent siger. Slik vart det derimot ikkje.

Hareid spelte best og skapte klart mest, og tok etter kvart også heilt fortent leiinga 1-0. Likevel klarte bortelaget å sette inn ein spurt som gav dei tre poeng. 

Før kampen skreiv vi om trenarane sine utfordringar om kor vidt Thor-Ove Brekke skulle få tilbake spissplassen sin, eller om William Valde Bigset, som scora to sist, skulle halde fram i den rolla. Valet fann på 16 år gamle Bigset, medan Brekke fekk Håvard Øvrelid sin venstreving-plass. Elles merkar vi oss at Ruben-Kenneth Brandal var tilbake til det som blir hans einaste kamp i haust, grunna skulderoperasjonen han skal ta neste veke. Og Nauris Driksna var tilbake på venstrebacken etter nokre kampar ute med skade.

Snytt for straffe
I 1. omgang var det berre unntaksvis at Ørsta fekk til noko. Hareid dominerte både spelemessig og sjansemessig. Ørsta fekk rett nok kampens første avslutning etter sju minutt, men Sigve Overå Hide hadde full kontroll. I det 12. minutt skulle Hareid hatt straffespark då William Valde Bigset vart hekta inne i 16-meteren. At Bigset valde å prøve å stå på føtene gjorde nok at dommar Eldevik let vere å blåse. (Ja, vi har bilete av dette.) Berre minuttet seinare fekk Bigset ein kjempesjanse til å få 1-0, men skotet frå ca. 12 meter gjekk over. Bigset var stadig frampå denne kampen, men var ikkje like heldig med avslutningane som sist kamp. Etter 18 minutt fekk han igjen ein god sjanse. Denne gongen redda Ørsta-keeper Liaskar flott.
   Vi kunne ane at Ørsta vart litt kvassare etter om lag ein halvtime då Mål-Mats Øvrebotten kom inn til sitt første av to innhopp denne kampen. I alle tilfelle jamna kampen seg litt ut ein periode. Men det var framleis Hareid som skapte sjansane. Bigset fekk ei ny moglegheit i det 42. minutt, etter eit bra forarbeid av Roar Amundsen, men mål vart det heller ikkje denne gongen.

Flott Stranden-mål
Det første kvarteret av andre omgang var Hareid sløvare enn før pause. Det einaste spennande som skjedde denne perioden var eit innlegg frå Ørsta som dala ned på tverrleggjaren. Kor vidt keeper Hide hadde kontroll då veit vi ikkje. Så heva Hareid seg igjen. Bigset fekk igjen ein sjanse som gjekk utanfor denne gongen. Men så, etter 67 minutt, kom det etterlengta 1-0-målet. Og dette var rett og slett ein veldig god soloprestasjon av Runar Stranden. Han vrei seg forbi fleire Ørsta-spelarar før han curla ballen hardt i det lengste hjørnet. Dessverre vart Stranden skadd i det han scora.
   Inn kom rutinerte Kim-Tore Husøy. Han fekk to gode sjansar i løpet av innhoppet sitt. Men ingen av dei gjekk i mål. Ein sjanse fekk også ein annan innbytar, Håvard Øvrelid, men hans forsøk leid same skjebne.

Snuoperasjonen
Ørsta hadde to ting denne kampen (grovt sett): Ein god keeper - og god effektivitet. 
   I det 77. minutt fekk dei brått 1-1 ut av ingenting. Hide redda først eit skot frå Øvrebotten, før Olai Vinjevoll sette inn returen frå kort hald. Og i det 90. minutt kom 1-2 etter eit møljespel framfor Hareid-målet. Debutanten Marius Ulla stod for scoringa.
   Nei, vi synest nok litt synd på Hareid-spelarane etter denne kampen. Dei kjempa, stod på, spelte best og skapte mest. Men effektiviteten var på langt nær så bra som i Gurskebotn sist veke. Når Ørsta aldri gav opp, og scora på 67 % av sjansane sine, så vart det som det vart.

Emblem neste
Dette var ein kamp Hareid ikkje burde ha tapt med tanke på tabellsituasjonen. No blir det eit rotterace dei seks siste kampane. Hareid bør i alle fall vinne halvparten av desse (sjølvsagt avhengig av om kampane er mot lag rundt Hareid på tabellen eller lengre opp, men fleire poeng må inn...). Neste kamp går borte mot Emblem neste torsdag.

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon 2016, runde 16, 8. september
Hareid - Ørsta 1-2 (0-0)
Hareismyrane stadion
Tilskodarar: 110
Mål: 1-0 Stranden (67), 1-1 Vinjevoll (77), 1-2 Ulla (90)
Dommar: Rolf J. Eldevik, Ellingsøy IL - 6
Gule kort: Brekke, Holstad (Hareid), Øvrebotten (Ørsta)
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide - Lars Roar Holstad (Ben Buntu 72) Håvard Mork Breivik, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna - Torgeir Skeide, Ruben-Kenneth Brandal (K), Roar Amundsen - Runar Stranden (Kim-Tore Husøy 68), William Valde Bigset (Håvard Øvrelid 81), Thor-Ove Brekke.
*** Amundsen, ** Stranden, * Brandal

Resten av runden var ikkje ferdigspelt då dette vart posta. Sjekk resultata her litt ut på torsdagskvelden.