Skriv ut

01.09. LGFK-HAREID 3-6: NYTT LEGENDARISK LOKALOPPGJER

Målscorarane frå venstre: Grimstad, Bigset og Stranden.
Målscorarane frå venstre: Grimstad, Bigset og Stranden.

Og denne gongen var det Hareid som kunne juble høgast.

Mange legendariske oppgjer
Lokaloppgjera mellom Hareid og LGFK er sjeldan eller aldri kjedelege. Kven gløymer ikkje 2-2-kampen i Gurskebotn våren 2012, då det hagla straffespark i alle retningar? Eller 4-3-kampen på Hareid hausten same år, då Hareid mista 3-0-leiinga, før Ola Kalvø Vattøy avgjorde til 4-3 med ein vinkelslipar langt ut i overtida? Eller kva med 2-2-kampen i vår, då Hareid rota vekk ei 2-0-leiing på tampen?
   Kveldens kamp i Gurskebotn vart ein ny klassikar. Det hagla med flotte mål, kontroversielle dommaravgjersler og meir til. Det dårlege veret gjorde at tilskodartalet neppe var mykje høgare enn 65-70 sjeler. Men dei som var til stades vil nok aldri gløyme denne underhaldande kampen.

Stranden i krysset
1. omgang var den minst underhaldande omgangen. Men det skjedde likevel langt meir enn i ein kva som helst slags omgang med to mål. Allereie etter 40 sekund var LGFK farleg frampå, men linjedommaren vinka av det som kunne blitt ein stor sjanse til heimelaget. Vidare testa Kim-Tore Husøy skotfoten på eit frispark, men LGFK-keeper Kurt Ove Longva hadde kontroll. Det hadde ikkje sisteskansen då det var Runar Stranden sin tur til å ta frispark etter 12 minutt. Frå venstre plasserte han ballen rett i krysset, frå ein avstand på om lag 35 meter. 0-1.
   Etter 16 minutt kunne Håvard Øvrelid ha dobla leiinga, men skotet gjekk utanfor. Hadde ikkje Øvrelid fått avslutta hadde det fort både blitt frispark (eller straffe, usikker på om han var innafor) og raudt kort til ein LGFK-spelar, for Øvrelid vart tatt stygt rett før han fekk avslutta. Minuttet etter denne situasjonen utlikna LGFK. Hareid slurva i forsvar og fekk aldri klarert. LGFK-spelaren Mork let seg ikkje be to gonger og scora frå ca. åtte meter.

Svært ungt Hareid-lag
Etter utlikninga var LGFK det beste laget. Eller dei var i alle fall det laget som hadde ballen mest. Hareid var stadig farlegast sjansemessig. I det 33. minuttet kunne Stranden ha fått sitt andre mål på langskot for dagen, men tverrleggjaren stod i vegen. LGFK hadde også eit par OK sjansar i minutta før kvilen, så 1-1 halvvegs var for så vidt greitt nok.
   Vi merkar oss elles at Kim-Tore Husøy måtte gå av med ein nakkeskade etter 42 minutt. Hareid starta kampen med fem spelarar i junioralder eller yngre. Og då Jon André Skarshaug kom inn for Husøy var talet oppe i seks. I tillegg starta ein førsteårs (Stranden) og ein andreårs (Buntu) junior. Seinare i kampen kom ytterlegare ein gutespelar, ein junior og ein andreårs junior inn. Så om ikkje dette var tidenes yngste Hareid-lag, så kan det ikkje ha vore langt unna heller.

X-files-omgang
Så er vi over i andre omgang, som trass i dritveret vart ein fest. Det skjedde så mykje at vi neppe har fått med alle dei store sjansane, men måla skal vi i alle fall kome oss gjennom (X-files - "du tror det ikke før du får se det":
* 50 minutt: 1-2. Runar Stranden. Nytt frispark frå distanse rett i vinkelen. Kanskje endå betre mål enn det første?
* 51 minutt: 1-3. Stranden igjen. Denne gongen eit hardt skot langs bakken frå ca. 20 meter.
* 55 minutt: 2-3. Eivind Myklebust. Likna 1-1. Hareid fekk aldri klarert vekk ballen, og straffa vart mål imot.
* 59 minutt: 2-4. William Valde Bigset. Flott prestasjon. Longva var ute på tur og gav retur. Bigset la ballen fint i ein boge over keeper og i mål.
* 75 minutt: 3-4. LGFK fekk straffe etter noko dommaren må ha meint var hands. Men Hareid-spelaren hadde handa heilt inn til kroppen, og skotet var frå svært kort hald, så straffa såg rett og slett feil ut. Uansett: Leiv Sindre Muren var sikker frå 11-meteren.
* 82 minutt: 3-5. Torgeir Skeide gjer ein kjempejobb ute på venstresida. Finn William Valde Bigset inne framfor mål. Han scorar sikkert.
* 90 minutt ++: 3-6. Ut i overtida legg Simon Holstad Grimstad ut på eit tungt løp. Får ballen frå Fredrik Andresen, som nettopp har slått tunnel på ein motspelar. Dermed er Grimstad åleine med keeper og scorar sikkert.

Viktige poeng
Alt i alt ein bra bortekamp av Hareid. Klart det ikkje var feilfritt defensivt. I alle fall to av baklengsmåla var av det unødvendige slaget. Men tre poeng i slike bortekampar er svært viktig, ikkje minst med tanke på tabellsituasjonen og resultata tidlegare i haust. Og at det vart scora seks mål, alle frå unge spelarar, tek vi heilt klart med oss vidare.
   Det var fleire som framheva seg på Hareid i dag. Vi kunne sikkert nemnt fleire. Til dømes gjorde Lars Roar Holstad det bra i ei uvant backrolle. Og Torgeir Skeide gjorde ein manns jobb på midten. Men i tillegg til målscorarane gir vi debutanten Roar Amundsen ei stjerne i dag. Han la ned mange meter på midtbana og viste flotte tekniske tendensar. Det skal bli spennande å sjå om han blir endå betre når han blir betre kjent med medspelarane.

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon 2016 runde 15, 1. september
Larsnes/Gursken FK – Hareid 3-6 (1-1)
River plate kunstgras
Tilskodarar: Ca. 70
Mål Hareid: Stranden 3, Bigset 2, Grimstad 1
Mål LGFK: Mork, Myklebust, Muren (straffe)
Dommar: Rolf J. Eldevik, Ellingsøy
Gule kort Hareid: Buntu, Skeide + eit par på LGFK
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide – Lars Roar Holstad (Martinus Røyset Bakken 74), Simon Holstad Grimstad, Håvard Mork Breivik, Ben Buntu – Torgeir Skeide (K), Roar Amundsen, Kim-Tore Husøy (Jon André Skarshaug 42) – Runar Stranden (Fredrik Andresen 88), William Valde Bigset (Gustav Bjørlykke Kløvning 88), Håvard Øvrelid (August Brandal 83).
*** Stranden, ** Bigset, * Amundsen

Andre resultat i kveld: FK Sykkylven – Stranda 4-1, Ørsta – Valder 0-2, Norborg – Skodje 3-2, Emblem – Langevåg 1-1, Norborg – Skodje 3-2.