Skriv ut

11.08. HAREID - SIF 2-4: FORTENT TAP I HAUSTOPNINGA

Ikkje godt å seie kven som avslutta for Hareid her. Men hadde det blitt 3-4 i det 83. minutt, så kunne det fort blitt veldig spennande på slutten. Hareid-spelarane frå venstre er Simon Holstad Grimstad (15), Kim-Tore Husøy (10), Alexander Nevstad, Joahim Røyset og Håvard Knudsen Bjåstad (mørkt hår).
Ikkje godt å seie kven som avslutta for Hareid her. Men hadde det blitt 3-4 i det 83. minutt, så kunne det fort blitt veldig spennande på slutten. Hareid-spelarane frå venstre er Simon Holstad Grimstad (15), Kim-Tore Husøy (10), Alexander Nevstad, Joahim Røyset og Håvard Knudsen Bjåstad (mørkt hår).

Også Hareid hadde sine sjansar og sine gode periodar. Men alt i alt vann eit godt SIF-lag fortent 4-2 i første haustrunde.

Skarbøvik IF kom til Hareid med rutinerte karar som Nils Ottar Sandø og Fredrik Klock i rekkjene, og var klare favorittar mot eit Hareid-lag som må klare seg utan blant andre Ruben-Kenneth Brandal i haust. 

Men dei første 10-15 minutta var Hareid vel så gode som sebratrøyene. Vi noterte sjansar ved både Thor-Ove Brekke og Runar Stranden denne perioden som fort kunne gitt scoring. Men så følgde ein periode der SIF tok over og strengt tatt burde ha tatt leiinga. Frå det 13. til det 20. minutt skapte SIF fire store sjansar. Men Hareid-keeper Sigve Overå Hide var i det umoglege hjørnet denne perioden (ja, eigentleg i heile 1. omgang - spesielt).

Spelemessig glimta Hareid til no og då. I det 25. minutt klarte Stranden å runde Klock, men avslutninga heldt ikkje mål. Med ti minutt igjen av omgangen sette SIF opp tempoet igjen. Hareid verka til tider ukomfortable i forsvar. Og i det 35. minutt runda ein bortespelar alt som var av Hareid-forsvarar før han presterte å bomme frå 70 centimeter (men også pluss til Hide som redda). 

Så då bortelaget tok leiinga minuttet etterpå var jo det sjølvsagt fortent. Målet kom etter eit innlegg frå venstresida. På stillinga 0-1 fekk Hareid ein dobbelsjanse ved Stranden og Vattøy - utan suksess. Typisk nok kom 0-2 like etter. Nils Ottar Sandø skaffa SIF straffespark og scora på det sjølv.

For Hareid og spenninga sin del var det derfor positivt at ei redusering kom like før kvilen. Vattøy slo eit hjørnespark frå venstre som Simon Holstad Grimstad heada flott i mål.

*

Hareid sette inn på sommarvikar Joachim Røyset i pausen. Han gjekk inn på høgreback. Det første kvarteret av 2. omgang var det i grunnen heilt jamt. Derfor var det utruleg surt at Hareid fekk to baklengsmål "ut av intet" denne perioden. Først var Sandø frampå på ein retur (det er ikkje tilfeldig at han er toppscorar i divisjonen). 1-4 kom etter markeringssvikt. 

Då såg det håplaust ut. Men som vi har vore inne på tidlegare: Sjølv om Hareid ikkje spelte nokon god kamp, så varta karane opp med nokre flotte angrep med ujamne mellomrom. I det 64. minutt spelte Stranden flott til Vattøy, som sette ballen nede i det lengste hjørnet frå skrått høgre. 2-4.

Hareid gjorde like etter eit trippelbyte. Blant andre kom Kim-Tore Husøy på bana. Og han var involvert i eit flott angrep som kunne gitt scoring i det 67. minutt. Men avslutninga frå ein annan innbytar, Fredrik Andresen, gjekk over frå kort hald. 

For å lage reell kamp igjen måtte nesten 3-4 kome i høveleg tid. Men ingen av laga skapte allverda i andre del av andre omgang. Hareid hadde ei god moglegheit i det 83. minutt (sjekk biletet). Men då ballen ikkje ville i mål ved det høvet, så forstod dei fleste kvar dette ville ende.

SIF vann heilt fortent. Dei har eit solid lag med ei fin blanding mellom ungt og gammalt. Hareid var berre i periodar gode i dag. Samtidig var ikkje prestasjonen verre enn at han gir eit visst håp framfor resten av haustsesongen. Ja, laget blir svekka på papiret. Men det finst langt dårlege lag enn SIF i denne divisjonen...

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon 2016, runde 12, torsdag 11. august
Hareid - Skarbøvik IF 2-4 (1-2)
Hareidsmyrane stadion
90 tilskodarar
Mål Hareid: Grimstad, Vattøy
Dommar: Martin Solheim, Spjelkavik IL
Gule kort: Eitt til kvart lag (Brekke for Hareid)
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide - Venthan Ketheeswaran (Joachim Røyset 46), Simon Holstad Grimstad, Alexander Nevstad, Robin Jackson Indreflø (Gustav Bjørlykke Kløvning 65) - Torgeir Skeide (K), Eiliv-Tore Howlid (Håvard Knudsen Bjåstad 77), Håvard Mork Breivik - Runar Stranden, Thor-Ove Brekke (Kim-Tore Husøy 65), Ola Kalvø Vattøy (Fredrik Andresen 65).
*** Hide, ** Vattøy, * Stranden

Andre resultat: Valder - Langevåg 4-2, Godøy - FK Sykkylven 2-2, Emblem - Stranda 3-2, LGFK - Norborg 0-2