Skriv ut

25.06. SKODJE - HAREID 2-6: SETTE STREK FOR TUNG PERIODE MED MÅLKALAS

Målscorarane frå venstre: Thor-Ove Brekke, Ruben-Kenneth Brandal, Alexander Nevstad, Ben Buntu.
Målscorarane frå venstre: Thor-Ove Brekke, Ruben-Kenneth Brandal, Alexander Nevstad, Ben Buntu.

Hareid si form har vore negativ utover i juni. Men vårsesongen vart avslutta på best mogleg vis. Hareid vann 6-2 borte mot Skodje, sjølv med ti mann på bana i andre halvdel av andre omgang.

Det har lugga for Hareid dei siste tre vekene. Men trass i ein del fråvær frå sentrale spelararvart det mønstra ein god tropp til laurdagens bortekamp mot Skodje. Vi legg merke til at Ola Kalvø Vattøy starta sin første kamp i sin periode som ferievikar, og at Hiwa Alipoor fekk prøve seg i ei noko uvant rolle som venstreback.

God Hareid-opning
At Hareid har slite med å finne flyten den siste tida såg vi lite til dei første minutta på Skodje stadion. Hareid gjekk i strupen på heimelaget og lukkast godt med det høge presset. 0-1 kom etter fem minutt. Ruben-Kenneth Brandal la eit hjørnespark frå høgre som Alexander Nevstad heada vidare i mål. Fem minutt seinare stod det 0-2. Ola Kalvø Vattøy gjorde eit flott forarbeid ute på venstresida. Han fann Ruben-Kenneth Brandal, som snurra litt rundt med eit par Skodje-forsvarar før han sette ballen i mål. Alt vel så langt, men dessverre mista Hareid grepet om kampen utover i 1. omgang.

Hjelvik tok over
Skodje har to spelarar som heiter Eirik Nesset Hjelvik og Eivind Erstad. Desse har prega Skodje sitt a-lag i mange år – så også i dag. Hjelvik var den klart dominerande spelaren på bana utover i første omgang. Han låg djupt på midtbana, strødde pasningar og dikterte tempoet. Erstad på topp kom til halvfarlege eller farlege avslutningar både i det 15., 19. og 23. minutt. Ja, det låg ei Skodje-scoring i lufta. Og ho kom etter 25 minutt. Hareid fekk ikkje klarert vekk ballen etter eit innlegg. Håvard Rødal sette ballen i mål. No var Hareid på hælane, og berre fire minutt seinare scora Hjelvik etter ein flott cornervariant (men med litt betre konsentrasjon hadde aldri Hjelvik fått banka ballen i vinkelen nesten upressa). Inn mot pausen verka begge laga slitne etter råkøyret den første halvtimen, og det vart ikkje skapt noko som er verdt å nemne i ettertid.

Marginar
I fotball er det noko som heiter marginar. Og det hadde Hareid i opninga av 2. omgang. I det 50. minutt brende nemleg Skodje ein enorm sjanse. Ein av dei gulkledde fekk sjansen to meter frå Hareid-målet, men skaut utanfor. To minutt seinare gjekk i staden Hareid opp i 3-2. Eit frispark Hareid neppe skulle hatt vart tatt av Ruben-Kenneth Brandal. Frå 40 meter trefte han krysset. Eit flott skot, men ein høgre keeper hadde nok tatt skotet (Skodje sin keeper var ikkje spesielt høg).

Festfotball av Hareid
Etter 2-3-målet fekk Hareid vind i segla og viste fram mykje god fotball. Og dagens fjerde Hareid-scoring, som kom i det 60. minutt, var nok også dagens penaste. Ola Kalvø Vattøy slo ei nydeleg pasning gjennom til Thor-Ove Brekke, som på lekkert vis lobba ballen over keeper og i mål. Minuttet seinare scora Brekke på ein ny lobb, denne gongen frå lengre hald, ca. 25 meter. Runar Stranden stod for den målgjevande pasninga. Med 2-5 på resultattavla var det vel få som trudde på meir spenning denne kampen. Kanskje sett vekk frå dommar Richard Olsen…

Dommaren mangla skjønn
I det 69. minutt var ballen på veg over sidelinja, men for å hindre at han gjekk lang bort på grusbana på andre sida av gjerdet stoppa Hiwa Alipoor ballen med hendene. Med andre ord stoppa han ikkje ballen for å gi seg sjølv ein fordel, men for å lette ein Skodje-innbytar for ein ekstra joggetur (faktisk ville det ha vore ein klar fordel Skodje, sidan dei ville fått tatt innkastet sitt mykje kjappare enn om ballen forsvann langt vekk). Det var nok litt for snilt tenkt av Alipoor. For Olsen meinte hendinga kvalifiserte til Alipoors andre gule kort for dagen, og dermed ein tidleg dusj. Richard Olsen finn heilt sikkert ein eller annan paragraf som kan støtte han i det andre gule kortet. Men det er noko som heiter å vise skjønn. Det kunne Olsen med fordel ha kjent til.

Vekkvisingar
Som om ikkje dette var nok så var det to karar på Hareid-benken som protesterte på det raude kortet; ein materialforvaltar og ein (for dagen) reservekeeper; Knut Helge Hovden og Vagn Scheide Mork (vekkvisinga av Mork var forresten formelt feil, sidan dommaren truleg ikkje visste at Mork stod på dommarkortet som reservekeeper). Her var dommar Olsen nådelaus og sende begge på tribunen (det vil seie bak mål). Gjort er gjort. Men eit tips til Olsen til eit seinare høve kan vere å telle til ti før han viser vekk folk i hytt og gevær. Dette var ein finspelt kamp med tilsynelatande god stemning på benken og på bana. Skulle Olsen lagt linja slik i ein kamp som var meir amper, så måtte han truleg sendt av og vekk 14-16 personar.

Innbytar punkterte
Men nok om dette. Hareid la om til 4-4-1 med Ruben-Kenneth Brandal som ny venstreback. Skodje kom til nokre gode sjansar, men måtte nok hatt ei redusering før det 80. minutt om det skulle blitt spennande på slutten. Målet kom aldri. I staden fekk Hareid eit siste mål etter 90 minutt. Venthan Ketheeswaran la til rette før innbytar Ben Buntu, som frå høgresida plasserte ballen nede i det lengste hjørnet.

Fortent siger
Alt i alt så får vi oppsummere med at dette var ein merkeleg fotballkamp. Hareid var best og vann fullt fortent. Men Skodje var best i ein periode i første omgang. Og hadde gultrøyene scora først i andre omgang kunne dette blitt noko heilt anna. Men vi må gi ros til Hareid-karane for å ha spelt feiande flott offensiv fotball i store delar av kampen. Karane takla også fint å spele med ti mann dei siste 21 minutta pluss tillegg.
   Det er vanskeleg å trekke fram enkeltspelarar etter ein slik kamp. Som så ofte før er det enklast å trekke fram dei offensive spelarane når ein scora seks mål. Det gjer vi i dag også, sjølv om vi ikkje gløymer at det defensive spelet i store periodar var godt.

Ref. HIL

Kampfakta
4.-divisjon runde 11, 25. juni 2016
Skodje – Hareid 2-6 (2-2)
Skodje stadion
Tilskodarar: Ca. 35
Mål Skodje: Rødal, Hjelvik
Mål Hareid: Brandal (2), Brekke (2), Nevstad, Buntu
Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL
Raudt kort (to gule): Alipoor, Hareid
Gule kort Hareid: Alipoor, Breivik
Eitt (?) gult til Skodje.
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide – Venthan Ketheeswaran, Simon Holstad Grimstad, Alexander Nevstad, Hiwa Alipoor – Torgeir Skeide, Ruben-Kenneth Brandal, Håvard Mork Breivik (Gustav Bjørlykke Kløvning 83) – Runar Stranden (Håvard Bjåstad Knudsen 87), Thor-Ove Brekke (Ben Buntu 85), Ola Kalvø Vattøy (Fredrik Andresen 78).
*** Brandal, ** Vattøy, * Brekke