Skriv ut

02.06. HAREID - NORBORG 0-1: MEDGANGSBØLGJA STOPPA

Frisparket som sikra Norborg alle tre poenga.
Frisparket som sikra Norborg alle tre poenga.

Og det kan Hareid takke seg sjølve for. Dagens prestasjon var rett og slett for slapp og uinspirert. Eit Norborg-lag som heller ikkje var allverda vann likevel fortent.

Hareid gjorde fleire forandringar til denne kampen. Både Håvard Mork Breivik, Hiwa Alipoor, Fredrik Andresen og Jon André Thue var inne i 11-aren i høve sist kamp (og heller ingen av dei som kom inn spelte sist). Men endringane kan neppe brukast som ei vekkforklaring for denne prestasjonen. Fleire av dei som var nye gjorde det vel så bra som dei som har fått meir tillit tidlegare i sesongen. Dagens kamp var rett og slett ein slett lagprestasjon. Få eller ingen klarte å kome opp nivået vi veit dei har. Og når laget i periodar også slit med samhandlinga, ja så kan Hareid tape mot kven som helst. Ikkje det at Norborg er noko dårleg lag. Men hadde Hareid trykt til like bra i duellane og vist den same gløden som mot Emblem og Godøy, så hadde det ikkje blitt heimetap i dag. Det føler vi oss relativt sikre på. Vi sakna meir kvassheit over heile bana. Det vart jo skapt ein del halvsjansar, men inne i boksen vart det for snilt. Men, men. Vi skal heller ikkje overdramatisere eit slikt tap. Vi visste før sesongen at Hareid ville variere i år. Og at dette dukkar opp ein prestasjon som denne no og då måm vi berre rekne med.

Starten på kampen var jamn, men Norborg hadde både to og tre småfarlege cornerar etter 10 spelte minutt. Midt i omgangen måtte Hareid spelte nokre minutt med ti mann, sidan Thor-Ove Brekke hadde fått ein hovudskade. Men ein bandasjert Brekke kom inn på igjen. Hareid-spissen var sentral i mykje av det som skjedde for Hareids del, men han mangla god-touchet i dag. Etter 23 minutt fekk Hareid ei god moglegheit på ein overgang, men rota han vekk - fem mot tre (!). 

29 minutt var spelt då Brekke fekk dagens største Hareid-sjanse, men (naturleg nok, kanskje?) fekk han ikkje skikkeleg treff med det bandasjerte hovudet sitt. Og meir var det vel strengt tatt ikkje å melde frå 1. omgang. 0-0 halvvegs var heilt greitt ut frå (manglande) spel og sjansar.

2. omgang heldt fram på same måte; det vil seie med få eller ingen store, men fleire halvfarlege sjansar begge vegar. Så tok Norborg leiinga i det 57. minutt. Eit frispark frå 20 meter signert Kristian Søviknes vart hardt og gjekk ganske langt oppe i det lengste hjørnet (sjekk biletet). 

Som seg hør og bør la Norborg seg bakpå etter scoringa. Hareid hadde derfor ballen mykje. Men var ikkje presise nok i avgjerande situasjonar i og rundt 16-meteren. Det vart gjort nokre byte, utan at det forandra kampbiletet særleg verken frå eller til. Ein av dei som kom innpå var Ola Kalvø Vattøy, og han kunne ha scora etter 66 minutt, men fekk ikkje skikkeleg treff. I det 79. minutt bomma Venthan Ketheeswaran på ein grei sjanse. 

Trass i spelemessig overtak siste halvtimen skapte likevel Hareid aldri så mykje at vi kan seie at det var ufortent at denne kampen enda med bortesiger. 

Det blir vanskeleg å trekke fram enkeltspelarar i dag. Ruben-Kenneth Brandal var tidvis ganske god i første omgang, men fekk det ikkje til i andre. Forsvaret var ganske bra jamt over. Og Nauris Driksna viste ein del bra på backen (backane). Simon Holstad Grimstad får likevel vår bestemannspremie for sitt stødige stopparspel, sjølv om også han i likskap med resten som var innpå har meir å gå på.

Ref.

Kampfakta
4.-divisjon runde 8, 2. juni
Hareid - Norborg 0-1 (0-0)
Hareid stadion
Tilskodarar: Ca. 160
Mål: Kristian Søviknes (57)
Dommar: Henrik Sunde
Gule kort: Brandal og Thue, Hareid + eit par på Norborg
Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide - Venthan Ketheeswaran, Simon Holstad Grimstad, Alexander Nevstad, Nauris Driksna - Håvard Mork Breivik (Eiliv-Tore Howlid 86), Jon André Thue, Ruben-Kenneth Brandal (K) - Hiwa Alipoor (Joar Møller 59), Thor-Ove Brekke (Eiliv-Tore Howlid 46) (Thor-Ove Brekke 47), Fredrik Andresen (Ola Kalvø Vattøy 59).
*** Grimstad, ** Driksna, * Brandal

Andre resultat: Langevåg - Stranda 4-2, Ørsta - Godøy 1-7, Emblem - LGFK 4-0, SIF - Skodje 7-0, Valder - FK Sykkylven 0-0