hareid_il_logo_135.png









 

28.05. VIGRA - HAREID 1-7: ROTA DET IKKJE TIL

Slik skal det feirast: Thor-Ove "Thoro" Brekke med saltofeiring etter 0-1-målet. Terningkast på målet: 5. Terningkast på feiringa: 4 (ut frå det strenge turn-reglementet).
Slik skal det feirast: Thor-Ove "Thoro" Brekke med saltofeiring etter 0-1-målet. Terningkast på målet: 5. Terningkast på feiringa: 4 (ut frå det strenge turn-reglementet).

Hareid held fram i den gode bortebane-tralten og vann med store siffer på Rota stadion, Vigra, i kveld. Georg Eikrem Olsen vart den store helten med to mål og to målgjevande. Men dette var ein lagsiger der alle bidrog på beste måte.

Stig Monsen gjorde éi forandring på laget i høve 3-1-sigeren mot FK Sykkylven sist veke; Ole Magnus Melchior kom inn for Hiwa Alipoor. Sistnemnde var forresten den einaste som vart sjøsjuk på den 20 minutt lange båtturen frå Brandal til Roald.

Vel framme på Rota stadion, som Hareid ikkje hadde besøkt på 12 år, kom bortelaget i raudt klart best i gang. Alexander Nevstad fekk alle sjansars mor etter sju minutt, men headinga frå ein halv meter gjekk i tverrleggjaren. To minutt seinare kom uansett 0-1. Georg Eikrem Olsen spelte fri Thor-Ove Brekke, som banka ballen rett i krysset frå 20 meter. Brekke varta opp med ei målfeiring på om lag eitt og eit halvt minutt (som mellom anna inkluderte ein slags salto). Men dei som trudde dette skulle bli den siste målfeiringa i kveld tok feil.

Sju minutt seinare varta Runar Stranden opp med eit om mogleg endå finare mål. Frå 35 meter skrått curla han ballen vakkert i lengste kryss! 1. omgangen til Hareid var opp mot årsbeste. Og 0-3 gav nok eit greitt bilete av kva som skjedde på Rota denne torsdagskvelden. Hareid eigde kampen, og skal vi vere snille med Vigra skapte dei éin halvsjanse før kvilen.

Det tredje målet til Hareid kom forresten etter 32 minutt. Etter fram og tilbake inne i feltet i 45-50 sekund lukkast det Georg Eikrem Olsen å få ballen over mållinja.

*

2. omgangen til Hareid vart ikkje spelemessig like god. Men Hareid vann også denne omgangen med tre mål. Kampen var i realiteteten punktert då Olsen i det 47. minutt vart spelt gjennom av Brekke, finta fint ut keeper og sette ballen i det tomme målet.

Etter 72 minutt fekk Vigra eit litt tvilsamt straffespark. Adrian Rørseth var sikker frå straffemerket. Men dei som frykta ein ny kollaps a la Vartdal heime trengde ikkje frykte lenge. 

Innbytar Fredrik Andresen scora både i det 82. og 85. minutt, begge etter forarbeid av Runar Stranden. Det første målet trengde Andresen berre pirke over målljina, medan det andre kom etter ei flott heading.

Heilt til slutt kom 1-7 på eit sjølvmål. Georg Eikrem Olsen var siste Hareid-spelar på ballen. 

(Vi kunne ha nemnt ei rekkje sjansar og halvsjansar til begge laga i 2. omgang, men når det vart så mange mål får vi spare på blyanten til neste runde.)

*

Alt i alt ein godt gjennomført kamp av Hareid. Synd det no dukkar opp karantenar mot Ørsta neste veke. Men slik er gamet.

Ref. Pelle78

Kampfakta
4.-divisjon runde 7, 28. mai 2015
Vigra - Hareid 1-7 (0-3)
Rota stadion
Tilskodarar: Ca. 80
Mål Hareid: Olsen 2, Andresen 2, Brekke, Stranden, sjølvmål
Dommar: Øyvind Birkeland, Herd
Gule kort Hareid: Thue, Driksna, Nevstad, Melchior
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) (Fredrik Lonbakken 71) - Ole Magnus Ljøen Melchior, Eiliv-Tore Howlid (VK), Ulrik Wingsternes (Thor-Ove Brekke 90), Nauris Driksna (Hiwa Alipoor 68) - Ola Kalvø Vattøy (Simon Holstad Grimstad 46), Alexander Nevstad (Nauris Driksna 77), Jon André Thue (Joar Møller 68), Runar Stranden - Thor-Ove Brekke (Fredrik Andresen 53), Georg Eikrem Olsen.
*** Olsen, ** Brekke, * Stranden

Andre resultat i kveld: Godøy - Vartdal 9-1, LGFK - Rollon 3-0, Emblem - Norborg 4-3, Ørsta - Langevåg 3-1.

Tabellen.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR