hareid_il_logo_135.png









 
14.05. TEKNISKE PROBLEM - DEL 2: HAREID - LANGEVÅG 0-5
dscf3472.jpg

Før i dag skreiv vi om tekniske problem her på Hareid-sida. Det same kan vi eigentleg også seie om dagens Hareid-prestasjon. Og det var ikkje berre tekniske problem. Hareid hadde også store problem med strukturen. Langevåg vann til slutt heile 5-0. Og keeper Vagn Scheide Mork vart kåra til heimelagets beste problem. Heime-mareritten held fram.

Hareid har fire poeng på to bortekampar i år. Men ingen på tre forsøk heime.

Dei første 45 minutta mot Langevåg var for så vidt inga skandale. Vagn Scheide Mork varta opp med eit par-tre flotte redningar. Men også Hareid hadde to-tre bra sjansar. Sjølv om Hareid sleit med presisjonen var dei første 45 nokså jamspelte.

Eitt minutt på overtid i 1. omgang fekk Langevåg straffe då eit innlegg gjekk opp i handa til ein uheldig Joar Møller. Eirik Hurlen banka ballen rett i krysset.

Etter 44 minutt måtte Ole Magnus Melchior gi seg grunna skade. Og Hareid gjorde ytterlegare to byte i pausen. 

Men det som skjedde i starten av 2. omgang er vanskeleg å setje ord på. Langevåg spelte ut Hareid etter alle kunstens reglar, og brått stod det 0-3! I tillegg hadde bortelaget eit forsøk i stonga.

Utover i omgangen kom både 0-4 og 0-5. Vi har inga god forklaring på kvifor det vart slik. Det stemte berre ikkje for Hareid. Og hadde Ola Kalvø Vattøy scora åleine med keeper Halvorsen (lobben gjekk over mål), hadde det hatt lite å seie.

Neste veke kjem FK Sykkylven på besøk. Slik sesongen har utvikla seg skulle vi vel ha ønska at det var bortekamp neste veke.

Uansett; takk til dei mange tilskodarar som kom i dag. 139 var på plass under teljinga i slutten av 1. omgangen. Og ytterlegare 22 dukka opp i pausen eller utover i 2. omgang. Så mange tilskodarar har det ikkje vore på ein Hareid-kamp sidan siste runde i 2011. Også då var Langevåg motstandar, og Hareid rykte opp etter kampen.

Per dato er ikkje akkurat Hareid ein opprykkskandidat...

Ref. KULA70

Kampfakta
4.-divisjon runde 6, 14. mai
Hareid - Langevåg 0-5 (0-1)
Hareid stadion
Tilskodarar: 161
Målscorarar og gule kort: Sjekk twitter
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) - Nauris Driksna, Ulrik Wingsternes (Fredrik Andresen 66), Alexander Nevstad, Joar Møller (Ole André Kragset 70) - Runar Stranden, Ole Magnus Melchior (Jon André Thue 44), Thor-Ove Brekke (Tore Johan Ytre-Hauge 46), Ola Kalvø Vattøy - Eiliv-Tore Howlid, Georg Eikrem Olsen (Simon Holstad Grimstad 46).

Andre resultat i dag: Godøy - Valder 2-3, FK Sykkylven - LGFK 3-2, Rollon - Emblem 1-1.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR