hareid_il_logo_135.png









 
01.05. Hareid - vartdal: 4-5 raudt kort øydela kvelden
Jubel 3-1: Hareid jubla heile fire gongar, men tapte til slutt.
Jubel 3-1: Hareid jubla heile fire gongar, men tapte til slutt.

Torsdag kveld hadde Hareid gode sjansar til å ta årets første heimesiger, men eit raudt kort til Hareid på stillinga 4-3 øydela kvelden for heimelaget.

Sjølv om Hareid var farleg frampå etter berre eit minutt utan å lykkast, var ikkje heimelaget elles særleg god første 15-20 minutta. Hareid var slurvete i det defensive spelet og pasningsspelet var under pari. Vartdal utnytta denne dårleg perioden til Hareid og gjekk opp i leiinga etter ti minutt. Steffen Elias Roth spelte fint gjennom til Eirik Kaland som trilla ballen forbi Hareid-keeper Vagn Scheide Mork.

Hareid løfta seg litt etter målet og kom farleg etter 20 minutt, men Vartdal klarte å stå i mot. Etter 28 minutt utlikna Hareid ved Ola Kalvø Vattøy. Vattøy tok ein kort cornervariant, spelte vegg med Ole Magnus Melchior og førstnemnde sende kula fint til lengste hjørnet. To minutt seinare var Vartdal farlege og hadde to sjanse etter kvarandre, men keeper Mork i Hareid-buret redda flott. Minuttet seinare kunne Vattøy auke leiinga då han prøvde seg på ein chip som vart for svakt. 1-1 var stillinga til pause.

Etter pausen var Hareid best det beste laget første kvarteret og spelte fint fotball noko som gav også resultat. Etter 52 minutt gjekk Hareid opp i leiinga ved Thor-Ove Brekke. Brekke avslutta fint frå kort og litt skrått hald etter pasning frå Jon Andre Thue. Fem minutt seinare auka Brekke leiinga. Vattøy spelte fint til Brekke som finta vekk ein spelar på 16 meter og plasserte fint med venstrefoten.

Etter kvart såg det ut som Hareid skulle med store siffera, men det skjedde altså ikkje. Først reduserte Ristesund etter eit fint frisparksmål frå ca. 25 meter. Så heada Ulrik Wingsternes inn ein corner som blei slått inn av Vattøy frå høgresida. Etter 75 minutt reduserte Vartdal igjen. Ristesund la inn frå venstresida, og ballen traff først stolpen, så keeper Mork og så gjekk han inn. Og berre to minutt seinare fekk Vartdal straffespark etter at Eiliv-Tore Howlid stoppa ein ball som gjekk mot mål med handa etter ein dødballsituasjon. Men i forkant av straffa skulle keeper Mork mest sannsynlegvis ha fått frispark for å bli dytta. Nok om det. Straffa sette Ristesund sikkert for Vartdal. Det gav bortelaget meir vilje, og då bortelaget scora også 4-5-målet åtte minutt før slutt ved Roth hadde Hareid ingenting å sitte igjen med etter kampen.

Ein varierande kamp av Hareid der starten var svak, men avslutninga på første omgangen og starten på andre omgangen var god. Raudt kortet hadde utan tvil mykje å seie, men uavgjort burde og kunne Hareid klare med litt meir hell og kynisme.

Neste kamp for Hareid er borte mot Norborg, medan Vartdal skal ta i mot Langevåg til årets første heimekamp.

Andre resultat i 4.-divisjon:
Onsdag:
* Langevåg – Norborg 2 – 0

I kveld:
* Rollon –Vigra 2 – 0
* Emblem – Larsnes/Gursken 1 - 0
* FK Sykkylven – Godøy 3 - 0

Laurdag:
* Ørsta - Valder

Tabellen finn du her.

Kampfakta
4.-divisjon, runde 3
Hareid – Vartdal 4 – 5 (1-1)
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 101
Dommar: Rolf Jarle Eldevik.
Gule kort: Nevstad, Wingsternes, Mork (Hareid). Eitt til Vartdal.
Raude kort: Howlid (Hareid).
Mål: 0-1 Kaland (10), 1-1 Vattøy (28), 2-1 Brekke (52), 3-1 Brekke (57), 3-2 Ristesund (61), 4-2 Wingsternes (65), 4-3 Sjølvmål (75), 4-4 Ristesund (78 str.), 4-5 Roth (82).
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø (Jon Andre Thue 46), Eiliv-Tore Howlid, Ulrik Wingsternes, Joar Møller (Nauris Driksna 46) – Simon Holstad Grimstad (Fredrik Andresen 74), Alexander Nevstad, Ole Magnus Melchior, Runar Stranden – Ola Kalvø Vattøy, Thor Ove Brekke.

*** Brekke
** Vattøy
* Driksna

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR