hareid_il_logo_135.png









 
15.05. Rollon - Hareid 1-3: God sluttspurt sikra tre nye poeng
Frå venstre: Christer Adrian Mork (1-3), Lars Andreas Dahlen Folkestad (to målgjevande), Håkon Orten Trovåg (1-1). Framme: Ola Kalvø Vattøy (1-2).
Frå venstre: Christer Adrian Mork (1-3), Lars Andreas Dahlen Folkestad (to målgjevande), Håkon Orten Trovåg (1-1). Framme: Ola Kalvø Vattøy (1-2).

Etter å ha slått to av laga som er venta å kjempe rundt midten eller under, varta Hareid i kveld opp årets første storskrell. Rollon vart slått 3-1 i Larsgården.

08.05. Hareid - Skodje 2-0: Fullt fortent siger etter solid kamp
Spydspiss Lars Andreas, målscorar Ola, heimelagets beste Robin og målscorar Alexander.
Spydspiss Lars Andreas, målscorar Ola, heimelagets beste Robin og målscorar Alexander.

Drillos lov seier at eit lag som taper med fem mål eller fleire slår tilbake runden etter. Det skjedde med Hareid, som gjekk frå 7-0-tap mot Emblem til 2-0-siger heime mot Skodje i dag. Alexander Nevstad og Ola Kalvø Vattøy scora Hareids mål, som det burde blitt mange fleire av.

30.04. Emblem - Hareid 7-0: Som ein flau bris

1. omgangen mot Emblem må vere noko av det svakaste Hareid har presetert i seriesamanheng på lange tider. Vi låg under 3-0 halvvegs, og Emblem kunne fort ha scora både fire, fem og seks. I 2. omgang heva Hareid seg fleire hakk og skapte faktisk seks store sjansar. Men då var Emblem meir effektive og putta på fire nye.

24.04. Godøy - Hareid 1-3: Endeleg vann vi på Godøya!
Målscorarane Thor-Ove og Ørjan jubla saman med hjelpeoppmann Anders.
Målscorarane Thor-Ove og Ørjan jubla saman med hjelpeoppmann Anders.

På det åttande forsøket sidan 2000 skulle vi endeleg klare det vi har snakka om i så mange år - å slå Godøy på Godøya. Det vart ein dramatisk kamp med straffespark som vart gitt, straffespark som ikkje vart gitt, utvisning, sjansar og mål. Det stod 1-1 til pause etter ein jamn omgang. Etter pause var Hareid best. Ørjan Engen Grimstad (2) og Thor-Ove Brekke scora Hareid sine mål.

12.04. Hareid - Tornado Måløy FK 0-1: Sjansesløsing de luxe
Martinus Røyset Bakken og Hareid bomma på mange sjansar i generalprøven.
Martinus Røyset Bakken og Hareid bomma på mange sjansar i generalprøven.

Hareid leverte kanskje sin beste kamp i år - spelemessig. Vi rulla opp det eine angrepet etter det andre, og skapte sjanse på sjanse. Men som typisk er nytta TMFK høvet til å vere meir effektive og vinne 1-0. 

10.04. Hareid vann 4-2 mot Hovdebygda
Årets tredje siger for Nauris Driksna og Hareid.
Årets tredje siger for Nauris Driksna og Hareid.

Dette var endå ein Hareid-kamp der det svinga brått mellom gode og svake prestasjonar. Hareid-måla vart scora av Runar Stranden, Georg Eikrem Olsen, Lars Andreas Dahlen Folkestad og Simon Holstad Grimstad.

03.04. Blindheim - Hareid 1-0: Nytt knapt tap i jamn treningskamp
Vagn Scheide Mork stod godt mot Blindheim.
Vagn Scheide Mork stod godt mot Blindheim.

Også denne gongen viste Hareid ein del gode tendensar, men det vart litt for varierande over 90 minutt. Blindheim avgjorde kampen med ei scoring etter 32 minutt.

22.03. Tyrkia: Hareid vann 9-2 mot svenske Liga 06
Anders Hjelle Øiestad var leiar i jueryen som kåra Ola til banens bestemann.
Anders Hjelle Øiestad var leiar i jueryen som kåra Ola til banens bestemann.

Mostanden var kanskje ikkje frykteleg relevant. Men uansett var det kjekt å sjå Hareid skape mange sjansar og score mange mål igjen. 

19.03. Norheimsund - Hareid 5-1: Framleis i ei blindgate
Hazhir Alipoor og Hareid hadde nokre positive periodar, men alt i alt vart det for varierande - og eit godt Norheimsund-lag vann fortent.
Hazhir Alipoor og Hareid hadde nokre positive periodar, men alt i alt vart det for varierande - og eit godt Norheimsund-lag vann fortent.

Dei siste kampane har Hareid slite med det offensive spelet og sleppt inn mange enkle mål. Sjølv om Hareid hadde sine positive periodar mot Norheimsund enda kampen med eit nytt klart tap. 

15.03. Hødd II - Hareid 8-0: Godkjent 2. omgang av Hareid
Joachim Røyset, Simon Holstad Grimstad og Kevin Aarvik Hestholm hadde lite å juble for frå benken.
Joachim Røyset, Simon Holstad Grimstad og Kevin Aarvik Hestholm hadde lite å juble for frå benken.

1. omgang var rett og slett nitrist av Hareid. Då var det klasseforskjell på laga. Etter 7-0 til pause vart det berre 1-0-tap i ein heilt jamn 2. omgang.

Hødd brukte fem spelarar frå start som var med a-laget på La Manga nyleg. Likevel vart det overraskande store siffer i 1. omgang. Hareid såg ut til å tenke meir på treningsleiren til Tyrkia (avreise søndag) enn det som skjedde på Høddvoll - og let motspelarane gli lett forbi gong etter gong. Samtidig spelte sjølvsagt Hødd også godt. Dei varta opp med fleire flotte angrep og viste god effektivitet.

Begge laga skifta ein del spelarar til 2. omgang. Då var det heilt jamt. Ingen av laga skapte særleg, men Hødd scora sitt åttande mål for dagen - deira fjerde på hjørnespark faktisk.

Kampfakta
Treningskamp, 15. mars
Hødd 2.-lag - Hareid 8-0 (7-0)
Høddvoll kunstgras
Tilskodarar: 50
Mål: 1-0 Engen (2), 2-0 Hjelmeseth (6), 3-0 H. Grimstad (10), 4-0 Kleppe (23), 5-0 Breivik (31), 6-0 Engen (37), 7-0 M. Grimstad (44), 8-0 Rise (55)
Dommar: Steinar Hjelle, Sunnylven
Ingen kort
Hødd: Ole-Monrad Alme - Eirik Sundgot Kristiansen, Mathias Holstad Grimstad, Audun Øvrelid, Alexander Eksund - Henrik Grimstad, Pål Hofset Skeide, Martin Mork Breivik - Nils-Erik Engen, Robin Hjelmeseth, Benjamin Mork Kleppe + Eirik Saunes, Sivert Pieroth, Bendik Rise, Isak Haanes, Daniel Haanes, Magnus Fiskerstrand
Hareid: Fredrik Lonbakken - Hiwa Alipoor, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Ole André Kragset, Joar Møller - Nauris Driksna, Thor-Ove Brekke - Runar Stranden, Ola Kalvø Vattøy, Fredrik Andresen - Håkon Orten Trovåg + Vagn Scheide Mork, Joachim Røyset, Benjamin Slettebakk, Emil Johannes Dahlen Folkestad, Simon Holstad Grimstad, Håvard Øvrelid

03.03. Hareid - Volda 0-3: Rett og slett berre dårleg
Thor-Ove Brekke kunne ha scora etter 16 minutt, men Volda-keeper Aasen redda fint.
Thor-Ove Brekke kunne ha scora etter 16 minutt, men Volda-keeper Aasen redda fint.

Hareid spelte sin klart svakaste kamp hittil i år då Volda kom på besøk i kveld. Bortelaget vann fullt fortent 3-0.

26.02. Hareid - LGFK 2-2: Brukbar kamp av Hareid
Målscorarane Vattøy og Aadland.
Målscorarane Vattøy og Aadland.

LGFK hadde ballen mest, medan Hareid kom til flest sjansar. Slik sett var ikkje 2-2 eit veldig urettvist resultat. Ivar Aadland (straffe) og Ola Kalvø Vattøy scora for Hareid. Pausestillinga var 1-1.

20.02. Valder-Hareid 5-2: Ein bra omgang. Så kom snøen. Og Valder.
Runar Stranden fotografert litt ut i 2. omgang, då speleforholda begynte å bli svært vanskelege.
Runar Stranden fotografert litt ut i 2. omgang, då speleforholda begynte å bli svært vanskelege.

Hareid spelte ein bra 1. omgang og gjekk til pause med 2-1-leiing etter mål av Runar Stranden og Håvard Øvrelid. Men i pausen kom det ei kraftig snøbyge som aldri gav seg. I tillegg heva Valder seg og scora ei rekkje fine mål. Då laga vart einige om å avslutte kampen grunna farlege speleforhold etter 75 minutt stod det 5-2 til heimelaget.

15.02. Foto frå Hareid - Bergsøy (2-1)
15.02. A-lagets første treningskamp i år: Hareid - Bergsøy 2-1
Ola Kalvø Vattøy scora direkte frå avspark i 2. omgang.
Ola Kalvø Vattøy scora direkte frå avspark i 2. omgang.

Sjølv med fleire sentrale spelarar vekke klarte Hareid eit godt resultat mot 3.-divisjonslaget Bergsøy i dag. Mål av Emil Johannes Dahlen Folkestad og Ola Kalvø Vattøy sørgja for 2-1-siger til Hareid. 

Forhånd.12
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR