Skriv ut

23.05. Hareid - Stranda 3-2: Ny fortent heimesiger

Bak: Alexander Nevstad (3-2), Lars Andreas Dahlen Folkestad (2-1) og Ørjan Engen Grimstad (1-1, straffe). Framme: Ola Kalvø Vattøy (banens beste, to målgjevande) og Anders Hjelle Øiestad (frå juryen).
Bak: Alexander Nevstad (3-2), Lars Andreas Dahlen Folkestad (2-1) og Ørjan Engen Grimstad (1-1, straffe). Framme: Ola Kalvø Vattøy (banens beste, to målgjevande) og Anders Hjelle Øiestad (frå juryen).

Hareid var ikkje spesielt effektive framfor mål i dag. Spesielt ikkje den første halvtimen då Stranda såg veldig lite kvasse ut. Men det var Stranda som scora på sin eine sjanse i 1. omgang og leia til pause. I 2. omgang køyrte Hareid på og snudde til 2-1. Stranda utlikna før Alexander Nevstad vart matchvinnar. Begge lag fekk kvar si straffe. Hareid scora, medan Vagn Scheide Mork redda Stranda sitt forsøk.

- Herleg lagsiger

Orda kjem frå Ola Kalvø Vattøy, banens beste då Hareid vann 3-2 mot Stranda fredag kveld.
 
Av Hazhir Alipoor

Dagens første sjanse kom etter fem minutt ved Vattøy som skaut frå skrått hald, men keeper redda. To minutt seinare heada Folkestad til Grimstad, som skaut frå kort hald innanfor feltet etter ein corner, men skotet blei redda på streken. 32 minutt vart spelt då Stranda gjekk opp i leiinga. Martin Hole sette inn returen etter eit skot. 0-1 var stillinga til pause. Og det var litt ufortent at Hareid ikkje klarte å score på alle cornerane, medan Stranda scora på sin einaste sjanse.

Straffescoring og Mork-strafferedning

2. omgang vart heilt annleis, både tempomessig og spenningsmessig. I kvilen kom Christer Adrian Mork inn for Olsen. Fem minutt i omgangen blei Vattøy hindra på veg mot mål og dermed straffe. Det sette Grimstad inn. Etter utlikninga var blei det meir liv i kampen.

53 minutt viste stoppeklokka då Ronnie Furseth bomma på straffe. Det er vel rettare å seie at Vagn Scheide Mork redda. I staden for gjekk Hareid opp i leiinga seks minutt seinare ved Folkestad. Håkon Orten Trovåg spelte til Mork som spelte vidare til Folkestad. Han avslutta fint frå 16 meter.

Nevstad avgjorde

Ni minutt seinare utlikna Stranda. Etter at Hareid mista ballen på midtbana fekk Hole ballen på høgre sida og avslutta fint frå skrått hald. Seks minutt seinare kunne Stranda gå opp i leiinga, men Mork hadde to fine redningar. To minutt seinare scoret Alexander Nevstad for Hareid på ei heading etter ein corner frå Vattøy.

Dermed 3-2-siger til Hareid som var fortent utifrå måten kampen utvikla seg. Hareid skapte klart mest og spelte mykje betre enn Stranda.

- Heilt fortent

Ein lokal jury stemte Ola Kalvø Vattøy som Hareids beste spelar. Dette sa han til lokalavisa etter kampslutt:

- Vi dominerte stort i 1. omgang. Dei scora på sin einaste sjanse. I 2. omgang starta vi aggressivt og får ei fullt fortent utlikning på straffe og derifrå kjører vi kampen. Vi  går fortent opp i 2-1, men vi er ikkje heilt på topp og dei utlikna til 2-2. Men heldigvis får vi ei fortent 3-2-scoring. Herleg lagsiger!

Neste onsdag møter Hareid Volda på bortebane.

Kampfakta

4.-divisjon runde 5

Hareid – Stranda 3-2 (0-1)

Hareid stadion

Tilskodarar: 72

Mål: 0-1 Hole (32), 1-1 Grimstad(str. 50), 2-1 Folkestad (59), 2-2 Hole (68), 3-2 Nevstad (76)

Dommar: Jan Erik Myklebust, Åmdal IL

Gult kort Hareid: Nevstad

Hareid (4-2-3-1): Vagn Scheide Mork (K) - Robin Jackson Indreflø, Ørjan Engen Grimstad, Martin Nikolai Longva (Ulrik Wingsternes 83), Joar Møller (Fredrik Andresen 80) - Alexander Nevstad (Ivar Andre Aadland 87), Eiliv-Tore Howlid (Simon Holstad Grimstad 75) - Håkon Orten Trovåg (Runar Stranden 80), Ola Kalvø Vattøy, Georg Eikrem Olsen (Christer Adrian Mork 46)- Lars Andreas Dahlen Folkestad

*** Ola Kalvø Vattøy

** Vagn Scheide Mork

* Lars Andreas Dahlen Folkestad