hareid_il_logo_135.png









 
21.08. Heroiske Hareid klarte 0-0 - med ni mot 11 på tampen
Dagleg leiar Anita Waage og heimelagets beste (kåra av ein anonym bygdejury) Martin Nikolai Longva.
Dagleg leiar Anita Waage og heimelagets beste (kåra av ein anonym bygdejury) Martin Nikolai Longva.

Hareid spelte store delar av kampen med ti spelarar, og avslutta med ni - då dei klarte 0-0 heime mot Emblem torsdag.

I første omgang var det to lag som spelte disiplinert defensivt, men ingen av laga fekk prikken over i-en offensivt. Etter tre minutt testa Marinescu Ioan-Bogdan skotfoten, men trefte tverrleggjaren. Bjørnar Johansen blei spelt flott gjennom av Bogdan etter 14 minutt. Johansen rakk ikkje pasninga heilt, som gjorde avslutninga svak. Nokre minutt seinare lada Alexander Nevstad kanonen. Skotet gjekk like over. Etter 42 minutt fekk Wingsternes sitt andre gule kort, som gjorde at Hareid måtte spele med ti mann resten av kampen. 0-0 til pause var greitt ut i frå spel og sjansar.

2. omgangen var meir underhaldande – for tilskodarane vel å merke. Då gjekk ballen raskare og begge laga var ute etter å få eit mål. Sjølv om Hareid var ein mann mindre, var dei minst like farlege som Emblem framover. Etter både 64 og 71 minutt testa Georg Eikrem Olsen skotfoten, men Csaba Levente Boga redda flott. Etter 66 minutt skaut Bogdan godt frå kort og skrått hald, men Vagn Scheide Mork redda meisterleg. Heilt på tampen av kampen fekk Thor-Ove Brekke også sitt andre gule kort. Men det var i overtida. Ingen av laga klarte å endre på stillinga då dommar Bjørn Magne Bakkom bles av kampen. Dermed blei det årets fjerde uavgjort på heimebane (3-4-0) for Hareid, som spelte ein bra kamp mot eit godt Emblem-lag som ligg på 2.-plass. Hareid-karane spelte taktisk klokt, jobba iherdig - og kunne med litt hell også ha vunne kampen.

Les meir i Vikebladet Vestposten.

Kampfakta
4.-divisjon, runde 13
Hareid – Emblem 0-0
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 50
Dommar: Bjørn Magne Bakkom, Åmdal IL
Gule kort: Wingsternes, Driksna, Mork, Brekke.
Raudt kort: Wingsternes, Brekke.
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø, Martin Nikolai Longva, Ulrik Wingsternes, Nauris Driksna (Joar Møller 90) – Ola Kalvø Vattøy (Thor-Ove Brekke 74), Alexander Nevstad, Joachim Røyset, Georg Eikrem Olsen - Lars Andreas Dahlen Folkestad, Simon Holstad Grimstad.
*** Longva, **Folkestad, *Mork

Mork 7, Indreflø 7, Longva 8, Wingsternes 6, Driksna 6, Vattøy 6, Nevstad 6, Røyset 6, Olsen 6, Folkestad 7, Grimstad 6.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR