
Hadde alt godt feil veg kunne Hareid ha rykt ned i morgon. I staden gjekk alt Hareid sin veg. Og i legendariske Hans Gisle "Kisse" Holstad sin siste kamp som Hareid-trenar vart det 2-1-siger mot Valder. Tabellen viser at Hareid som i fjor endar på femteplass. Kven hadde trudd det for tre veker sidan?

Hareid er i god haustform. I kveld vann dei fortent 5-1 borte mot Blindheim torsdag kveld med god fotball og er truleg klare for 4.-divisjon 2015.
- Ein viktig siger.

Etter ein godkjent og heilt jamn 1. omgang sovna Hareid vekk utover i 2. omgang og tapte til slutt fortent mot Ørsta. Dei siste 20 minutta var Ørsta klart best, sjølv om siffera kanskje vart i største laget om vi ser på sjansestatistikken.

Både sånn og slikt.

"Seier med bismak. Hareid skulle hatt godkjent scoring til 3-3. Derfor teke vi ikkje seiersropet i dag!" Det skreiv Volda-kaptein Aarflot på Twitter etter kampen. Ja, alle trudde at Runar Stranden hadde sikra Hareid eitt poeng etter ein flott spurt mot serieleiaren. Men dessverre valde dommarane å annullere målet på feilaktig grunnlag. Dermed vart det 3-2-tap.

I 2012 mista Hareid to poeng borte mot Stranda fire minutt på overtid etter ei dødballscoring der ballen sneik seg heilt oppe i lengste hjørne. I dag skjedde nøyaktig det same.


Som i fjor, berre i ein endå meir ekstrem variant, klarte ikkje Hareid å straffe Skodje sin defensive taktikk. Spesielt i 2. omgang la heimelaget alle mann på eigen halvdel. Hareid klarte rett nok å kome til nokre sjansar likevel, men Skodje vann 1-0 etter det vi får kalle ein taktisk triumf.

Hareid spelte store delar av kampen med ti spelarar, og avslutta med ni - då dei klarte 0-0 heime mot Emblem torsdag.

Godøy opna sterkt og leia ein periode heilt fortent 1-0 på Hareid stadion. Men Hareid var best dei siste 60 minutta, og seine scoringar av Øyvind Hagen og Georg Eikrem Olsen ordna ein etterlengta 2-1-siger til Hareid.

Hareid spelte ein ganske god 1. omgang og ein heller varierande 2. omgang i Ørsta. Einar Orten Trovåg reduserte til 3-1 heilt på tampen av kampen.
Hareid leia 6-0 etter ein god og effektiv 1. omgang. Etter pause hadde Hovdebygda vel så mange store sjansar som Hareid. Men to mål av Ola Kalvø Vattøy ordna 8-0-siger. Måla til Hareid før pause kom ved Ørjan Engen Grimstad (2), Martin Nikolai Longva, Eiliv-Tore Howlid, Vattøy og comeback-kid Per Ståle Nykrem.

Hareid hadde full kontroll gjennom mesteparten av kampen, men endå ein gong mangla prikken over i-en. 2-2 mot Blindheim på heimebane var nesten å rekne som eit tap.

1. omgangen på Langevåg stadion var jamn. Heimelaget spelte best, medan Hareid skapte mest. I 2. omgang tok Hareid over spelet og skapte den eine sjansen etter den andre. Men det var Langevåg som scora kampens einaste mål etter 81 minutt.

Simon Holstad sende Hareid i leiinga etter ti minutt. Henrik Hole Oksnes utlikna etter 31 minutt. Og fleire mål vart det ikkje i ein jamn kamp på Valdervoll der Hareid hadde dei største sjansane på tampen.

- Ut frå kampens utvikling var det greitt. Vi tok leiinga og hadde godt tak på kampen. Vi spelte bra i 1. omgang og datt litt meir i 2. omgang. Dei var meir aggressive, pressa oss meir og då fekk vi problem. Vi må trene på feila vi gjorde i markeringsspelet, sa Hareid-trenar Hans Gisle Holstad etter kampen.
28.05. Volda - Hareid 2-1: Suraste tapet i manns minne

At Volda leia 1-0 til pause var for så vidt greitt nok. Men kvar var Volda i 2. omgang - i ordinær tid? Etter pause var det nemleg Hareid som køyrde på og skape sjansar på løpande band. Utlikinga kom i det 88. minutt ved Lars Andreas Dahlen Folkestad. Men på overtid fekk Volda eit frispark som Stian Finnøy stussa i mål. Uff, uff, uff. Denne var tung å svelge. Vi kjem ikkje på eit surare Hareid-tap, i alle fall ikkje i farta.
23.05. Hareid - Stranda 3-2: Ny fortent heimesiger

Hareid var ikkje spesielt effektive framfor mål i dag. Spesielt ikkje den første halvtimen då Stranda såg veldig lite kvasse ut. Men det var Stranda som scora på sin eine sjanse i 1. omgang og leia til pause. I 2. omgang køyrte Hareid på og snudde til 2-1. Stranda utlikna før Alexander Nevstad vart matchvinnar. Begge lag fekk kvar si straffe. Hareid scora, medan Vagn Scheide Mork redda Stranda sitt forsøk.
12Neste |