hareid_il_logo_135.png









 

24.09. Hareid - Herd 1-4: Håp i ei hengande line, trass heiderleg tap

Georg Rise Gaasø og Hareid leverte ein bra prestasjon, trass tap.
Georg Rise Gaasø og Hareid leverte ein bra prestasjon, trass tap.

Eit svært redusert Hareid-lag med fleire overraskingar i troppen gjorde ein god innsats, men tapte likevel 4-1 mot avdelingsvinnar Herd. Det var Hareids fjerde strake tap. Men tru det eller ei; no er det håp i ei hengande line før dei to siste kampane. Stranda tapte nemleg 2-1 heime mot Valder.

Før vi går inn på sjølve kampen tar vi ein kik på dei fire andre kampane som vart spelte i dag:

- Spjelkavik - Rollon 2-5. Rollon har ein teoretisk sjanse til å ta ein ståplass etter nok ein haustsiger.

- Norborg - Volda 2-6. Volda la press på Hødd 2 med tanke på 3.-plassen i avdelinga. Norborg fall ned på 10.-plass etter kampen.

- Brattvåg - Godøy 3-1. Merk at Godøy brende straffe på 1-0. Brattvåg cruisar vidare mot nye 3.-divisjon. Har så lett kamprogram igjen at dette så godt som er i boks.

- Stranda - Valder 1-2. Stranda leia 1-0 til pause. Hadde ikkje Valder snudd denne kampen, hadde Hareid vore så godt som nedrykksklare. I staden kan Hareid glede seg til ei, ja kanskje til og med to, interessante rundar til.

TABELL

Hareid - Herd:

Få hadde særleg tru på Hareid denne kampen. Både Even Hansrud, Ronny Jørgensen, Per Ståle Nykrem, Svein Inge Nesset, Joachim Moldskred, Fredrik Aursnes og Steffen Uldbæk mangla, og under oppvarminga vart også Eiliv-Tore Howlid skadd (denne gongen i leggen).

Karsten Melø og Bernt Aage Ulstein hadde sagt seg villige til å spele litt om behovet var der (når dei sist spelte for Hareid får du vite i Statistikkhjørnet). Men med Howlid ute gjekk fastlege Melø rett inn i startoppstillinga.

Nemnde Ulstein fekk med seg ei god blanding av spelarar på benken, mellom anna to keeperar (ein av dei kom inn som spiss) og ein oppmann med Majonade-BMI (som nesten kom).

Kampbiletet vart omtrent som venta. Herd hadde ballen mest, og spelte til tider fin fotball. Medan Hareid kriga som berre juling, og satsa på ballen i bakrom i retning Kim-Tore Husøy. Men det var ikkje så lett å finne Husøy denne kampen, sidan Herds rutinerte stoppar Finn Erik Stavseng gong på gong fall av nokre meter for å ikkje gi plass til Hareid-toppscoraren.

Herd hadde eit par-tre store sjansar i 1. omgang. Men Vagn Scheide Mork stod godt, og tok det som kom. Heilt til det var spelt nesten 40 minutt. Då spelte Herd klikk-klakk-fotball i eit tempo som passar betre i Adeccoligaen enn 3.-divisjon, og Thomas Pedersen avslutta angrepet med å score frå kort hald. Like før pause fekk Herd også 2-0. Alle trudde Herd skulle få frispark utanfor 16-meteren, men Andreas Ulvestad avslutta mot mål. Ballen gjekk inn. Her burde nok den elles strålande Vagn Scheide Mork ha redda. Pauseresultatet var 0-2, og det var sikkert rett det i høve spelets gang. Hareid hadde kriga godt, men skapt lite.

Hareid bestemte seg for å starte på 0-0 før 2. omgang, og gjere ein så god prestasjon som mogleg. Og vi kan vel seie at vi kom frå det med æra i behald. Også i denne omgangen var Herd best, og mest skapande, men Hareid sitt b-prega lag kunne ved kampens slutt sette ein A på stempelet. Polly Ulvestad scora 3-0 etter 65 minutt. Men berre tre minutt seinare scora André Skotheim for Hareid - og for eit mål! Georg Rise Gaasø la ut til Kim-Tore Husøy på høgresida, som la inn framfor mål. På ca. 20 meter venta Skotheim, som regelrett knuste ballen til side for Bjørnar Hoel - på heil volley!

Hareid ville sjølvsagt gjerne ha ei redusering til. Men det var aldri skapt dei store sjansane. Om vi då ser vekk frå det galleri-vakre skotet til Bernt Aage Ulstein etter Finn Erik Stavseng sitt 4-1-mål. "Børny" lada kanona frå om lag 40 meter, og ballen gjekk i tverrleggjaren og tilsynelatande i mål. Skotet kom svært overraskande, og linjemann Jan Lund stod og prata med Hareid-benken, så det var ingen på plass til å vurdere om ballen verkeleg var inne. Men Bjørnar Hoel sa til Hareid-leiren etter kampen at det ikkje var mål.
- Ballen gjekk i tverrleggjaren og ned i meg, og så ut. Han var ikkje inne, sa Hoel. Som elles hadde ein roleg dag på jobben.

Men Hareid har ingen grunn til å skjemme seg. Dette var ein flott prestasjon forholda tatt i betraktning. Så får vi gratulere Herd med avdelingsgullet, og vi håper dei også rykkjer opp til 2.-divisjon. For det er dei meir enn gode nok til å klare.

Ref.

Kampfakta:
3.-divisjon avdeling 17, runde 20, Hareidsmyrane stadion (60 tilskodarar)
Hareid - Herd 1-4 (0-2)
Mål Hareid: André Skotheim
Mål Herd: Thomas Pedersen, Andreas Ulvestad, Polly Ulvestad og Finn Erik Stavseng
Fløyteblåsar: Tor Myrseth, Hundeivik (stort sett greitt)
Gule kort: Karsten Melø, Hareid
Hareid (4-3-3/4-5-1/4-4-2, kall det kva du vil...): Vagn Scheide Mork - Karsten Melø, Jørund Johansen, Dag Gøran Brandal, Tore Bjørge Mjønes - Georg Rise Gaasø, Benjamin Reite, Joachim Røyset, Tore Johan Ytre-Hauge, André Skotheim, Kim-Tore Husøy
Inn: Bernt Aage Ulstein, Håkon Orten Trovåg, Ivar André Aadland, Daniel Reite (som spiss)

Hareids beste: André Skotheim

Dagens dialog (gjengitt så presist som mogleg):

(Dette var på stillinga 0-0)

Bjørnar Hoel: No e I dritt lei, Vagn. Du drar ut tida hæle tia.

Vagn Scheide Mork: Slutt å syt, Bjørnar. Du e sånn sjøl også.

Hoel: Det gjør I isje.

Vagn: Du holdt no på slik heile tida i Rollon jallefall.

Hoel: Ja, det stæmme væl det.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR