hareid_il_logo_135.png









 

17.09. Bergsøy - Hareid 3-2: Surare blir det ikkje

Hareid var vel så gode som Bergsøy og Gustav Pettersen denne kampen, men det vart null poeng også denne gongen.
Hareid var vel så gode som Bergsøy og Gustav Pettersen denne kampen, men det vart null poeng også denne gongen.

Hareid er no under streken etter dagens overtidstap mot Bergsøy. Hareid leia 2-0 og hadde spelt svært godt, men vart svært hemma då Ronny Jørgensen måtte gi seg før halvtimen var spelt.

I høve Hødd 2-kampen måndag vart det gjort ei forandring på laget. Ronny Jørgensen kom inn for Steffen Uldbæk (Even Hansrud skulle eigentleg stå over med skade, men ringte plutseleg trenar Bjørge før kampen og sa han ville prøve seg likevel). Også formasjonen vart endra. Hareid la opp til 4-3-3 med Jørgensen, Husøy og Skotheim på topp.

Det viste seg å vere eit lurt trekk. Bergsøy fann aldri ut av denne taktikken. Dei hadde vel kanskje tenkt at Hareid kom til Fosnavåg for å forsvare seg til poeng. Men det var definitivt ikkje tilfelle. Alt etter fem minutt tok Hareid leiinga 1-0. Jørgensen fann Husøy, som gjekk forbi det som var å gå forbi - og knalla ballen i mål.

Hareid heldt fram med å male på. Etter 18 minutt gjorde Jørgensen ein god prestasjon då han kom seg rundt på venstresida og fekk lagt inn til Husøy, som nok ein gong knalla ballen i nettmaskene: 0-2. Etter dette hadde Hareid endå eit par sjansar, men før halvtimen vart spelt måtte Jørgensen kaste inn handkleet med ei strekkliknande sak i låret. Hareid sette inn Joachim Røyset og la om til 4-4-2. Røyset gjorde absolutt ein god jobb, men Hareid mista noko veldig vesentlig då Jørgensen gjekk av bana.

Inn mot pause kom Bergsøy meir med i kampen, og Harald Haugen slo eit frispark som gjekk forbi alt og alle og i mål etter 44 minutt: 1-2. Der burde nok den elles så solide Vagn Scheide Mork ha gjort eitt eller anna før ballen fann nettmaskene.

1-2 var eit rettferdig resultat til pause. Hareid hadde vore klart best, men Bergsøy kom meir med etter at Jørgensen gjekk av. Det vart elles høg temperatur utover i 1. omgang. Dei tøffe duellane var mange, frå begge lag si side, men "fotballekspertane på haugen" meinte sjølvsagt at dommaren heile tida dømte imot Bergsøy, noko som vel ikkje var tilfelle.

Hareid har tidlegare i år slite med å prestere dei første minutta i kvar omgang. I dag var Hareid gode i starten av 1. omgang, men tilsvarande svake i starten av den andre. Bergsøy gjekk offensivt ut, og fekk ei utlikning berre to minutt etter kvilen. Målscorar var Andrius Petreikis. Betre for Hareid vart det ikkje då Even Hansrud måtte ut med strekk like etterpå. Bergsøy var det beste laget i første halvdel av 2. omgang, og med litt marginar kunne dei også tatt leiinga i den perioden.

Men ca. midt i omgangen snudde kampbiletet. No var det Hareid som førte kampen, og spelet begynte å sitje igjen. Det vart skapt nokre sjansar, men det var ikkje mål av dei. Like før det var spelt 90 minutt kom Kim-Tore Husøy gjennom Bergsøy-forsvaret og var åleine med keeper, men vart felt av Terje Teige (gult kort). Frispark til Hareid frå 17 meter, som Husøy sjølv avslutta like til side for krysset.

Det vart lagt til tre minutt, og dei var så vidt ute då Bergsøy scora 3-2-målet. Ballen gjekk fram og tilbake inne i feltet eit halvt minutts tid, før Alexander Dahle fekk sett ballen i mål.

Det kjennest ekstremt surt å tape denne kampen. Ein ting er å tape ein slik kamp ufortent i ny og ne. Men no har vi tapt tre kampar med eitt mål på rad, og det kunne like gjerne ha blitt tre, fire, fem eller seks poeng på dei kampane. Men det er ingen å skulde på anna enn oss sjølve. Fotball handlar om å score fleire mål enn motstandarlaget...

No ser det stygt ut med tanke på ståplass. Vi ligg rett nok berre eitt poeng under streken, men Brattvåg og Stranda har eit langt lettare kampprogram enn oss igjen. Uansett: dei tre siste rundane skal spelast, og vi kan ikkje gi opp no. Vi skal gjere eit ærleg forsøk på å ta dei poenga som trengst, og går det ikkje så går det ikkje. Det verste som kan skje er at vi skal spele i den øvste krinsserien på Sunnmøre også neste år - mot omtrent dei same lag vi har møtt dei siste åra i 3.-divisjon.

Kampfakta:
3.-divisjon avdeling 17, runde 19, Bergsøy KGB (120 tilskodarar)
Bergsøy - Hareid 3-2 (1-2)
Mål Bergsøy: Harald Haugen, Andrius Petreikis, Alexander Dahle
Mål Hareid: Kim-Tore Husøy (2)
Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta (fekk mykje pepar, litt av det nok fortent, men ikkje alt)
Gule kort: Joachim Moldskred (Hareid), Terje Teige, Alexander Dahle (Bergsøy)
Hareid (4-3-3): Vagn Scheide Mork - Joachim Moldskred, Dag Gøran Brandal, Jørund Johansen, Tore Bjørge Mjønes - Fredrik Aursnes, Tore Johan Ytre-Hauge (K), Even Hansrud - Kim-Tore Husøy, Ronny Jørgensen, André Skotheim
+ Joachim Røyset og Benjamin Reite

Hareids beste: Kim-Tore Husøy

Også sterke prestasjonar av Jørund Johansen, Tore Johan Ytre-Hauge og Ronny Jørgensen.

Ref.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR