hareid_il_logo_135.png









 

13.09. Hareid - Hødd II 1-2: Mykje bra spel, få marginar, ingen poeng

Jørund Johansen og Dag Gøran Brandal spelte godt i Hareid-midtforsvaret i dag, men kunne ikkje hindre at Robin Hjelmeset (i blått) scora 2-0-målet ti minutt før slutt.
Jørund Johansen og Dag Gøran Brandal spelte godt i Hareid-midtforsvaret i dag, men kunne ikkje hindre at Robin Hjelmeset (i blått) scora 2-0-målet ti minutt før slutt.

Hareid leverte ein bra kamp mot Hødd 2, spesielt i 1. omgang. Men marginane var ikkje på vår side denne gongen, verken med tanke på utteljing på sjansar eller skadar på sentrale spelarar.

Hareid hadde denne kampen to tilgjengelege spissar (i alle fall typiske spissar) for første gong sidan Brattvåg-kampen. Ronny Jørgensen vart ikkje klar til denne kampen heller, men André Skotheim hadde trena godt førre veke og var spenna klar. Jørund Johansen vart flytta bak i midtforsvaret der han spelte i lag med Dag Gøran Brandal, medan Joachim Moldskred vart flytta bak på høgrebacken. Fredrik Aursnes gjekk inn sentralt på midten. Hareid spelte altså i sin vande 4-4-2-formasjon.

Hareid opna litt nølande mot det unge og gode Hødd-laget. Det var ei feilpasning frå Dag Gøran Brandal som var den utløysande grunnen til at Espen Standal fekk sette inn 0-1 før kvarterer var spelt. Dårlege opningar på kampar har dessverre blitt litt typisk for Hareid denne sesongen. Men den siste halvtimen før pause var svært god frå Hareid si side, kanskje til og med årsbeste. Ballen gjekk fort og presist, og vi skapte fleire gode sjansar. Både Kim-Tore Husøy og Steffen Uldbæk hadde store moglegheiter til å utlikne, og Husøy burde etter alt å døme også hatt ei straffe. Også forsvaret var svært solid denne perioden. Hødd kom vel ikkje til ein einaste skikkeleg sjanse.

Men 2. omgangen vart ikkje like god. Kim-Tore Husøy måtte tidleg gi seg grunna ein skade i låret, og det svekka nok Hareid ein god del. Samtidig vart det ein meir fysisk kamp med mange duellar. Dommar Øystein Ytterland var bra i 1. omgang, og er ein av dei betre dommarane i krinsen, men han begynte dessverre å miste taket etter kvilen. Spesielt Hødd-spelarane fekk skyte vekk ballen mange gonger etter at dommaren blåste - utan at det fekk konsekvensar. Og Tore Johan Ytre-Hauge fekk eit høgst merkeleg gult kort. Men vi skal ikkje skulde på dommeren fordi vi tapte denne kampen.

For ca. ti minutt før slutt kom 0-2. Ikkje mot spelets gang, og kanskje heller ikkje i høve spelets gang, for 2. omgangen var ganske sjansefattig. Hødds andre mål kom då Robin Hjelmeseth sette inn ein retur frå Vagn Scheide Mork i etterkant av ein dødballsituasjon.

Hareid såg slitne ut på dette tidspunktet, og dei fleste trudde vel at kampen var køyrt. Men Steffen Uldbæk hadde spelt ein god kamp, og vart flytta fram som spissen mot slutten. Det var eit grep som funka. Uldbæk knuste ballen i vinkelen etter 88 minutt. Ei vakker scoring. Hareid spelte med fire spissar i sluttminutta og pressa Hødd hardt. Men utlikninga kom aldri. Dermed vart det 2-1-tap nok ein gong mot dette laget. Litt surt, spesielt i høve den gode 1. omgangen. Men fotball handlar om mål og marginar, og der strakk ikkje Hareid til denne gongen.

Det ser ikkje spesielt bra ut med tanke på ståplass no. Men det er for tidleg å bryggje gravølet. Fotballen er som kjendt rund.

Avslutningsvis må vi takka for tilskodarstøtta. 190 løyste billett. I tillegg kjem rundt 100 ungdommar som kom gratis inn med Hareid-overtrekk, og nokre titals korpsmusikarar (som vi også takkar for fin musikk).

Kampfakta:
3.-divisjon avdeling 17, runde 18, Hareidsmyrane stadion (340 tilskodarar):
Hareid - Hødd 2. lag 1-2 (0-1)
Mål Hareid: Steffen Uldbæk
Mål Hødd: Espen Standal, Robin Hjelmeseth
Dommar: Øystein Simon Ytterland, Valder (betre før pause enn etter)
Gule kort: Tore Johan Ytre-Hauge, Dag Gøran Brandal og Steffen Uldbæk (Hareid)
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork - Joachim Moldskred, Dag Gøran Brandal, Jørund Johansen, Tore Bjørge Mjønes - Even Hansrud, Tore Johan Ytre-Hauge (kaptein), Fredrik Aursnes, Steffen Uldbæk - André Skotheim, Kim-Tore Husøy
Inn: Joachim Røyset, Georg Rise Gaasø

Hareids beste: Tore Bjørge Mjønes

Ref.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR