hareid_il_logo_135.png









 

03.09. Rollon - Hareid 3-2: Så kom tapet

Hareid-trenarane Svein Dag Slettebakk (til venstre) og Bjørge Worren såg laget sitt ta leiinga to gonger, men til slutt likevel tape.
Hareid-trenarane Svein Dag Slettebakk (til venstre) og Bjørge Worren såg laget sitt ta leiinga to gonger, men til slutt likevel tape.

Hareid leia to gonger, men tapte til slutt 3-2 på Rollonbana i dag. Og det var i grunnen ikkje så mykje å seie på, for dette var ingen stor Hareid-dag. Likevel kjennest det litt surt med tanke på kor nære vi var 3-1-leiing like før 2-2.

Etter gode resultat så langt i haust var det ein optimistisk Hareid-gjeng som reiste til Larsgården for å møte Rollon i kveld. Skjønt, hadde vi møtt på norborg.com hadde dei vel sagt at det var eit lag som var i opprørsstemning som var på reisefot.

Johansen inn
Det vart gjort ei forandring på laget i høve 1-1-kampen mot Stranda sist fredag. Ankermann Marius Rise har som kjent flytta, og Jørund Johansen tok over hans rolle. Elles vart det lagt opp til at Even Hansrud skulle vere ein slags kombinert ving og spiss, men grunna Rollon sin taktikk med mykje spel på sidene, var vel Hansrud meir eller mindre ein vanleg ving.

Husøy-lobb
Dei første 20 minutta av kampen var i grunnen svært keisame. Tempoet på kampen var lågt, og ingen av laga skapte dei heilt store sjansane. Etter 21 minutt gjekk Hareid opp i 1-0. Jørund Johansen slo ei fin pasning over Rollon-forsvaret. Kim-Tore Husøy krangla til seg ballen, og sette han sikkert i nettmaskene på ein slags lobb. Men trass målet imot heldt Rollon fram med å jobbe og stå på. Det var tydeleg at dei spelte med låge skuldre, noko som er naturleg sidan dei er så skakkøyrte på tabellen. For Hareid sin del var dette ein viktig kamp med tanke på ståplass. Om det var det eller noko anna som gjorde at prestasjonen var nokre hakk under dei siste kampane veit vi ikkje. Uansett: Det stod 0-1 etter ein ikkje spesielt spelemessig god 1. omgang - frå nokon av laga.

Kjapp Gjerde-scoring
I pausen snakka Hareid om å drepe kampen i starten av 2. omgang. Men det er litt vanskeleg når det første som skjer etter pause er at Rollon scorar. Daniel Gjerde fekk stå temmeleg åleine inne i 16-meteren og dunke ballen i krysset med eit fint utført volleyskot. Sterkt av Gjerde. Svakt av Hareid. Etter utlikninga følgde ein periode der Rollon køyrde kampen. Dei hadde sett inn på Kim Haagensen i pausen, samtidig som Fredrik Ytterlid vart flytta lengre opp i bana, og det heva kvittrøyene fleire hakk. Etter "Rollon-perioden" følgde "Hareid-perioden". No var det vi som styrte kampen og trykte Rollon bakover. Denne perioden førte derimot ikkje til nokon mål, men då Rollon 20 minutt før slutt igjen begynte å styre showet - så gløymte dei tydelegvis at Kim-Tore Husøy likar å boltre seg i bakrom. Rollon stod høgt, og Kim-Tore Husøy fekk ballen ca. 45 meter frå mål. Han sprang forbi alt og alle, og sette til slutt ballen forbi Kristian Muriås. 1-2. Nokre få minutt seinare kunne Fredrik Aursnes ha gitt Hareid 3-1. Han lobba ballen over keeper, men kula spratt så vidt over tverrleggjaren.

Mange rokeringar
Mot slutten av kampen måtte Hareid gjere fleire endringar. Fredrik Aursnes hadde alt komme inn for Benjamin Reite tidleg i 2. omgang, noko som sende Joachim Moldskred bak som høgreback. Men så vart Moldskred skadd, og Joachim Røyset kom inn. Røyset gjekk inn i midtbaneleddet, medan Steffen Uldbæk (har venstrefot) vart flytta ned på høgrebacken. Ikkje nok med det. Joar Møller vart også skadd. Georg Rise Gaasø kom inn - som midtbanespelar, og Joachim Røyset vart flytta bak som stoppar.

Meir Gjerde
Om alle desse endringane hit og dit hadde noko å gjere med den vesle kollapsen til Hareid er eit ope spørsmål. Uansett kom 2-2 etter ca. 83 minutt. Rollon fekk ein farleg døball som Daniel Gjerde etter litt fram og tilbake fekk flikka over mållinja. På 2-2 stod kampen og vippa, men det var nok Daniel Gjerde som hadde bedt den beste bøna før kampen. I det 90. minutt sende han avgarde eit skot som gjekk via eit Hareid-bein og heilt opp i lengste kryss: 3-2.

Under pari
For å oppsummere så var det ikkje gunstig for Hareid med tap denne kampen. Men grunna dei andre resultata (sak kjem seinare om dei), så er det framleis håp om ståplass. Hareid spelte ingen god kamp i dag. Men det høyrer også med å gi skryt til Rollon, som trass nedrykk ikkje har nokon grunn til å grave seg ned. Dei brukte nemleg fleire unge spelarar i dag som viste at dei blir gull verdt for klubben i framtida.

Hareid sin neste kamp er heime mot Hødd 2 om ti dagar. Då håper vi at Ronny Jørgensen er på plass igjen.

Ref.

Kampfakta:
3.-divisjon avdeling 17, runde 17, Rollonbana kunstgras (60 tilskodarar)
Rollon - Hareid 3-2 (0-1)
Mål Rollon: Daniel Gjerde (3)
Mål Hareid: Kim-Tore Husøy (2)
Gult kort: Dag Gøran Brandal (Hareid)
Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta (på det jamne)
Hareid (4-1-4-1): Vagn Scheide Mork - Benjamin Reite (Fredrik Aursnes), Joar Møller (Georg Rise Gaasø), Dag Gøran Brandal, Tore Bjørge Mjønes - Jørund Johansen - Even Hansrud, Tore Johan Ytre-Hauge (kaptein), Joachim Moldskred (Joachim Røyset), Steffen Uldbæk - Kim-Tore Husøy

Hareids beste: Kim-Tore Husøy

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR