09.01. Djupdykk i arkivet: Ikkje første møte med EOIL
Då vi presenterte Hareid sine motstandarar i årets 3.-divisjon før jul skreiv vi at Hareid vi for første gong skal møte Elnesvågen og omegn IL (EOIL). Men det stemmer faktisk ikkje. I arbeidet med jubileumsheftet som kjem ut til hausten kom vi over ein del reportasjar frå oppkøyringa til 2002-sesongen, og der dukka det opp fleire treningskampar som vi hittil ikkje har registrert i historikken her på Hareid-sida. Den siste av dei, sjølve generalprøva, vart spelt mot EOIL på Høddvoll grusbana. Hareid vann heile 6-0. Men medan Hareid spelte i 3.-divisjon den sesongen, heldt EOIL seg i 5.-divisjon Nordmøre og Romsdal (som dei til slutt vann). Lagt inn 9. jan. 2012.