Det er fleire alternativ for å gå til Gardnestua og Flåna, ein kan parkere ved Løset og fylgje skiltinga derfrå i retning vestover. Eit anna mykje brukt alternativ er å starte frå vegen som går frå Hareidseidet og til Fjelle.
Her er det minst 2 rås alternativ, som begge går via Hasundhornet. Derfrå går ein i sørleg retning opp til Flåna (613) der post 24 er plassert. Vel ein å ta post 25 på same tur, noko som kan vere fornuftig, så er det berre å traske vidare i søraustleg retning mot Gardnestua (654). Vidare går ein i sørvestleg retning mot Ringstadhornet (569). Ein vil få auge på post 25 før ein kjem til sjølve Ringstadhornet.
Der er 3 andre alternativ som er mindre nytta, men er slett ikkje eit dårleg val. Start frå bustadområdet på Ytre Haddal, nærmare bestemt mellom Spelhaugen 9 og 11. Råsa er godt rydda å merka og går oppover mot etter kvart nordaustleg retning etter ein er komen opp til fjellryggen nær Blåura. Dette er kortaste og raskaste veg opp til Ringstadhornet.
Det andre alternativet er å gå opp frå Gardnes. Her er stor parkeringsplass ved rundkøyringa. Kryss over vegen mot Haddal og fyl skilta og merka rås oppover mot Gardnesvatnet, og derifrå vidare til Flåna og Ringstadhornet om ein vil ta begge postane på same turen. Det tredje av dei mindre brukte alternativa er å gå frå Gardshol (lomme ved fylkesvegen nord for Gardsholhaugen) og austover mot skaret mellom Hasundhornet og Flåna. Ein kjem då opp til råsa mellom Hasundhornet og Flåna, så er det berre å fylgje denne vidare sørover mot Flåna