Nytt rekordår for fjellorienteringa

Trimgruppa i Hareid IL har lagt bak seg eit nytt år med rekord-deltaking i fjellorienteringa.
I år har 586 personar kjøpt kart, opplyser leiar Bernhard Harkjerr. Det er ein auke på 56 kart frå 2015-sesongen då det vart selt 530 kart. Året før (2014) vart det selt 485 kart. Talet på deltakarar har berre auka år for år.
I dag 1. november går også fristen ut for å levere inn kart med tanke på å få premie ved premieutdelingsseremonien seinare i november.
Erfaringar viser at om lag 60 prosent av dei kjøpte kartmappene blir innleverte med tanke på registrering og premiering.
Aktiviteten vart halden for 27. gong i år.