Vartdalsfjella: Utsikt frå Liaråsa mot Hjørungdalsvatnet og vartdalsfjella. (Foto: Leiv Arne Grimstad)

Vartdalsfjella: Utsikt frå Liaråsa mot Hjørungdalsvatnet og vartdalsfjella. Foto: Leiv Arne Grimstad

Bryggjene NÆRMAR SEG: På veg ned frå Liaråsa gjennom lauvskogen. Bryggjene gøymer seg inne i det svarte. (Foto: Leiv Arne Grimstad)

Bryggjene NÆRMAR SEG: På veg ned frå Liaråsa gjennom lauvskogen. Bryggjene gøymer seg inne i det svarte. Foto: Leiv Arne Grimstad

HER BORTE LIGG DEI: Skiltet viser veg bort langs skogkanten og inn i skogen der Bryggjene ligg. (Foto: Leiv Arne Grimstad)

HER BORTE LIGG DEI: Skiltet viser veg bort langs skogkanten og inn i skogen der Bryggjene ligg. Foto: Leiv Arne Grimstad

Utsikt: Liaråsa fører deg høgt opp i lia og heilt fram til Ulset. Ho er til vanleg mykje tørrare enn Øvstegardråsa. (Foto: Leiv Arne Grimstad)

Utsikt: Liaråsa fører deg høgt opp i lia og heilt fram til Ulset. Ho er til vanleg mykje tørrare enn Øvstegardråsa. Foto: Leiv Arne Grimstad

Fint å gå: Gründerane har posisjonert heller og steinar, så Liaråsa bilr grei å gå i. (Foto: Leiv Arne Grimstad)

Fint å gå: Gründerane har posisjonert heller og steinar, så Liaråsa bilr grei å gå i. Foto: Leiv Arne Grimstad

1 / 5

Turtips:

Bryggjetur i Hjørungavåg

Det gav seg ein soldag mellom regndagane, og kva då med ein vårtur til Bryggjene i Hjørungavåg?

Etter eit par turar i dei sørlege Melshorn-liene tidlegare i vinter har eg konkludert med at Liaråsa er den absolutt mest lønande tilkomstråsa - luftig, tørr, solrik, steinlagd og fin som ho er i det langstrekte lauvskogbeltet. Sjølv om ho krev ein del høgdemetergåing.

To langsgåande hovudråser

Der går to hovudråser på langs av Melshornet:

Øvstegardsråsa, som trass i «øvste»-ordet er den nedste, går straks ovanfor smalfrigarden, den steingarden som set grense mellom inn- og utmark.

Liaråsa går mykje høgare. Det kostar meir å ta seg dit, men er du først oppkomen, kan du nyte lauvskogen i alle sine valørar.

Bryggjene ligg verken i Øvstegardsråsa eller Liaråsa, men midt mellom dei.

Lat oss gå!

Ved parkeringsplassen i botnen av Pilskogvegen har Hjørungavåg IL slått opp eit kart, som tipsar om dei mange vegvala du kan gjere. Det er også lagt til rette for bruk av QR-kode, men dit er ikkje underskrivne komen. Eg vil lære by walking.

Den kjappaste vegen til Bryggjene går langs Øvstegardsråsa. Men den vegen er også den dunklaste og våtaste. Så lat oss heller ta Liaråsa:

Følg Pilskogvegen rett fram gjennom byggefeltet og du kjem til eit skilt som peiker opp i ein grasbakke og inn i råsa vidare opp mot Melshornet.

Dei ulike traseane er merka med både skilt og sløyfer. Kvit sløyfe = Øvstegardsråsa, blå sløyfe = Liaråsa, raude sløyfer fører til fjells mot toppen av Melshornet, anten via Grøthornet eller Sætreskaret.

På veg opp frå Pilskog kryssar du først Øvstegardsråsa – og like etter tek du til venstre i eit kryss der ei «raud rås» går bratt rett fram mot Sætreskaret.

No har du fått følgje av både blå og raude sløyfer, som indikerer at du kan både gå «blått» heilt fram til Ulset og finne deg ei raud siderås som fører til topps.

Kote 250-300

Det går jamnt oppover og skrånande vestover. Liaråsa etablerer seg til slutt mellom kote 250 og 300 og held seg stort sett i dette området. Der er raude «avkøyrsler» mot Grøthornet og Melshornet både før og etter Grøthornura. Men eit stykke etter Grøthornura blir Liaråsa berre blå. Raude sløyfer viser til ei avkøyrsle skrått nedetter skogen – og i øvste kanten av ein tett og dunkel granskog står ei pil og fortel at du er på rett veg: TIL BRYGGJENE!

Sola har varma og gjennomtrengt lauvskogen, men inne i den tette og lyssky granskogen blir det straks kaldare og mørkare. Snart tek ei renne til å forme seg på sida av råsa og veks i djupne bortetter i terrenget. Til slutt er ho der – sjølve Storebryggja – ein smal jordvoll med eit 8-10 meter djupt søkk på oppsida og ei nedside som stuper bratt ca 30 meter ned.

Underleg. Skråningane er rike på store steinblokker. Er jarbryggja skapt av eit ras – eller er ho ei sidemorene, forma av isen? Eg kan ikkje svare.

Ein og ein halv time etter avgang frå Pilskog-parkeringsplassen er eg tilbake etter å ha følgt raudesløyfene ned gjennom skogen til Øvstegardsråsa, som eg så følgjer ned til Pilskog. Våtare av flaumvatn og mørkare av granskog enn Liaråsa, men fort gjort.

 

FAKTA:

Ordet «bryggje» har her på Søre Sunnmøre også vore nytta om naturlege bruer i landskapet, ofte over rennande vatn.

«Jar» kan ha tydingar som JERN, JORD og RAND/KANT. Ein jarstaur er ein jernstaur, medan jarkjellar og jarbryggje har med jord å gjere. Ei jarbryggje blir då ei jordbru som tér seg som ei rand eller ein kant i landskapet, slik Bryggjene i Hjørungavåg står fram.

Her på Søre Sunnmøre har vi slike karakteristiske jordrender også på Skeide og på Fjelle (ved Mørkevatnet) i Ulstein – og på Mo og i Skorgeura i Ørsta pluss på Sæssfjellet i Dalsfjorden.

 

Trolsk: Nesten trolsk stemning når sola skin gjennom granskogtaket og ned i Bryggjene.
(Foto: Leiv Arne Grimstad)

Trolsk: Nesten trolsk stemning når sola skin gjennom granskogtaket og ned i Bryggjene. Foto: Leiv Arne Grimstad

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Underleg. Skråningane er rike på store steinblokker. Er jarbryggja skapt av eit ras – eller er ho ei sidemorene, forma av isen?

Integrert fartøyskonsept til pelagisk hekktrålar

Ny kontrakt

Ny kontrakt til Kongsberg gir arbeid til permitterte ingeniørar i Ulstein.

Vil leige parkeringsplassar

Ulstein kommune vil få leige 95 parkeringsplassar til 1,7 mill. i året i det nye parkeringsanlegget til Rome. Rådmannen meiner det er ei grei løysing.

Ny brannstasjon:

Ønskte tomteval betre greidd ut

Ville ikkje la seg styre av tidskrav og knappe fristar frå andre styresmakter

Når born får kreft:

– Det kjem som eit sjokk

Kvart år får rundt 230 born kreftdiagnosen her i landet.

Vil bli sjukepleiar

For sju månader sidan tok livet ei uventa vending for Siri-Lill Hasund (11). Ho er eitt av førti born som i fjor fekk diagnosen akutt leukemi i Noreg.

Ny kjole til kjolerullinga:

Erna donerer kjole

Treng hjelp til å frakta han til Ulsteinvik.

Island Offshore:

Forhåpentlegvis i hamn før 30. juni

Reiarlaget er på opplaupssida for å sikre ei restrukturering. - Vi kunne valt å byggje færre båtar, seier viseadministrerande direktør i selskapet.

Alle tilsette i Island Offshore i arbeid:

– Det er vi svært nøgde med

Det seier viseadministrerande direktør i reiarlaget, som hadde tre fjerdedelar av flåten i arbeid i mai, og ingen av dei rundt 1.000 tilsette permitterte.

Vil ha greidd ut fleire tomter til ny brannstasjon

Ulstein formannskap var ikkje sikre på om ny brannstasjon bør liggje ved Gullblokka i Ulsteinvik.

Kommunestyret i Hareid:

Leksefri skule skal utgreiast

Fleirtalet i Hareid kommunestyre har sagt ja til at rådmannen skal greie ut om grunnskulen skal vere med på eit prosjekt med leksefri skule.

Årsmeldinga for Hareid kommune 2016:

Rammetilskot stadig viktigare

Hareid kommune har dei siste åra blitt meir og meir avhengige av rammetilskot.

Hareid ute av Robek-lista 22. juni

Under Hareid kommunestyre sitt møte 22. juni kjem Fylkesmannen for å melde kommunen formelt ut av Robek-lista.

Korpsdirigent-kurs for ungdom

Når musikkorpsforbundet møtest til Musikkveka i Ulsteinvik