Hareid IL si turngruppe arrangerer barneturnstemne 30. og 31. mai 2015 i Hareidshallen. Det blir eit stort arrangement, med om lag 400 gymnastar frå heile fylket.
– Vi vil ha to store konkurransar i løpet av helga, saltokonkurranse på laurdagen og stemnekonkurranse på søndagen, melder turnleiar Alice Strømmegjerde i Hareid Turn.
– Dette er eit lågterskelarrangement som vil vise breidda i turnklubbane, og alle gymnastane skal vere med.
Turn-tog
Mange i Hareid vil feire turnhelga saman med oss, og laurdagen skal det også vere turn-tog gjennom Hareid sentrum, der mellom anna korpsa spelar og marsjerer saman med oss. Faner frå turnklubbane vil toge nedover frå skulane til sentrum, så då må publikum møte opp langs ruta.
Ta gjerne kontakt med Alice Strømmegjerde dersom du har spørsmål om stemnet. Telefon 913 45 293 eller e-post
hareidturn@gmail.com.