19. mars 2024

Dimnaleikane

I år gjekk dei 48. Dimnaleikane av stabelen i strålande solskinn på Høddvoll Stadion. Hareid hadde 45 born og unge påmeldte i alle klassar. Motvinden satt nok sitt preg på dei korte løpsøvelsane, men dagen var likevel full av nye personlege rekordar. Og ikkje minst var det stor glede over å konkurrere saman på årets fyrste utandørsstemne.

Blant dei minste deltakarane våre var det stor jubel og mykje kjekk meistring, både i hoppegropa og på 60 meter. Det er tydeleg at dei trivst med å vere saman på stemne og er trygg på å konkurrere. Det vart i tillegg satt mange personlege rekordar – på bane og i hoppegrop, så vel som i kioskkøa etterpå.

Blant dei større merittene i dag var m.a. Synne Selvåg Larsen, som med hoppet hennar på 5,19 meter slo den 35-årige klubbrekorden i lengde for jenter 14 år, som Elisabeth Grimstad satt i 1988! Synne er per i dag også den andre raskaste 14-åringen i Noreg på 200 meter.

I tillegg var det veldig kjekt å sjå Idar Noah Åsmo G12 støte 8,39 med 3kg kule – ein særs god prestasjon.

Hareid IL friidrett har i dag eit hundretals aktive born og unge som kvar uke trenar saman og gjennom året drar på stemner i lag. Sjølv på dagar der flotte resultat står i hovudsete er det vel så viktig å løfte fram den utruleg fine og inkluderande stemninga dei skapar ved å heie på kvarandre og løfte kvarandre fram. Det er mykje gru-gleding og spenning ein tek med seg til startstreken. Og sjølv om friidrett i stor grad handlar om individuelle prestasjonar, er ein i dei heilt avgjerande momenta avhengig av dei rundt deg og det ein har klart å bygge som lag.