
Hareid IL starta opp FFO i januar 2015 for 3.-6. klasse to dagar i veka med 21 born. Frå hausten av utvidar vi tilbodet!
Frå skulestart i august har vi som mål å gjere fotballfritidsordninga til eit vekestilbod for ivrige jenter og gutar frå 2.-6. klasse, som høyrer til skulekrinsane i Hareid kommune.
Tanken bak tilbodet er å gi desse elevane eit betre aktivitetstilbod som består av ein sosial/lekesedel og ein fotballfagleg del. FFO er eit tilbod for alle og ikkje kun dei som spelar fotball. Vi legg til rette for andre aktivtetar enn fotball minst ein dag i veka. Vi transporterer også dei borna som treng det til klubbhuset.
FFO vil følgje skuleruta og det vil bli gitt eit ekstratilbod i haust- og vinterferien.
Hareid stadion sitt område vil bli brukt som oppholdsareal. Vi har eit stort fokus på FFO skal vere kjekt, noko som blir spegla igjen også i treningsdelen.
Påmeldingsfrist for FFO haust er: 15.mai
Les meir om fotballfritidsordninga, påmelding og vedtekter under fana FFO.