Råsa går i starten gjennom flott kupert furuskog med vegetasjon under, som normalt har mykje fugleliv. Her er det tilrettelagt for dei minste med overraskingar som utplasserte dyr og figurar. Her treng ein ikkje lokke dei minste, men berre legge på sprang etter dei. Når ein er komen gjennom furuskogen, så går terrenget kupert nordover, og ein må passere eit par bergknausar, som krev at dei minste bør ha ei hand å halde i. Bortsett frå dette, så er der ikkje mange større utfordringar. Råsa er lett å fylgje, og råsskilja er skilta