Årsmøte 2020 for trimgruppa
Innkalling til årsmøte i Trimgruppa i HIL.
Stad: Møterommet på HIL sitt klubbhus, Hareid.
Tidspunkt: Torsdag 4. februar 2021 klokka 19:00.
Fjelltrimmen 2020 - Premieseremoni.
Bilde frå i fjor.
Fjelltrimmen 2020 - Premieseremoni.
Denne er i år avlyst grunna Covid-19.
Premier er innkjøpte og vi har dei klar til utlevering neste veke. Styret vil ta ein dugnad på å levere ut premiane, om ein ikkje ynskjer å hente dei sjølv hjå ein av styremedlemane. Resten sender vi.
Trekninga av dei 6 gevinstane vil vi gjere den 12. november. Dei som vinn vil få gevinsten sin på samme måte som premien.
Vi beklager at det ikkje vert premieutdeling i år, men vi kjem tilbake neste år!
Den store styrkeprøva 2020
Styret i trimgruppa har vedteke å IKKJE arrangere denne turmarsjen i år.
Vi minner om at fristen for å levere inn kart i år er 31. oktober.
Postane står ute frå ca. 1 mai til og med søndag 21. oktober.
Det blir høve til å kjøpe kart m/følgjeskriv frå torsdag 30. april hos Sportssenteret på Hareid og G-Sport i Ulsteinvik. Vi held oss til 100 kroner per kart, ein pris som har vore fast heilt frå starten i 1990. Betal helst med VIPPS.
årsmøte i trimgruppa 2019
Det vert kalla inn til møte slik:
Stad: Møterommet på HIL sitt klubbhus, Hareid.
Tidspunkt: Onsdag 12. februar 2020 kl. 19 00 – 20 00
Vanlege årsmøtesaker.
premiesermoni for fjelltrimmen 2019
Torsdag 17. november arrangerte vi premieutdeling for fjelltrmmen 2019. Bildet viser alle som er 15 år og yngre som fekk overlevert krystaller.
Bak ser vi Jan Bigset som har vore med alle 30 åra!
Ellers vart det trekt ut 3 gåvekort på kroner 500 til alle som hadde levert kart. Dette vart Sølvi Moldskred, Tor Håbakk og Grethe H. Hasund.
Etterpå vart det trekt ut 3 gåvekort på kroner 500 mellom dei frammøtte som hadde levert kart. Det vart Vilde Slettevoll, Stella Ø. Skeide og Edgar Fjelle.
Gratulerer til dokke!
Postane vil stå ute til og med den 21. oktober. Fristen for innlevering av kart til Fjellorienteringa 2019 er 31. oktober i følge følgeskrivet.
Premieutdeling vil vere på torsdag 14. november klokka 18.
Den Store styrkeprøva 2019
Dei fire beste i Korshamna: 1: Marcus Megrund nr 2 frå høgre, 2: Børge Remøy nr 2 frå venstre, 3: Arne Gunnar Nesset til høgre og 4. Martin Hauge Nilsen til venstre.
Den Store Styrkeprøva vart halden den 29. september. Veret var bra kommenterte deltakarane, litt skodde i starten og litt sleipt. Under fylgjer resultatlisa.
Ein starter lettast her og fylgjer skogsvegen opp til skoggrensa. Parkering finn ein lenger framme ved elva, sjå merking.
Ved enden av skogsvegen er det lagt ut eit tau.
Ligg på ein rygg nedanfor Hovdenakken. Ein ser rett ned på Rise.
Ein parkerer ved golfbana og går skogsvegen i Hovden nesten til endes. Der er merka med pinnar, orange band og tau heilt fram til posten.
Ved Skinnalivatnet. Ein kan gå mot Skolma frå Flø og skråe mot vatnet (til høgre) før ein starta siste stigninga mot Skolma. Eller ein finn rås fram til vatnet frå dalen mellom Skolma og Signalhornet dersom ein kjem frå Brandal
kartmappene til sals tysdag
Roar Snipsøyr har hatt ansvaret med å stelle i stand dei 30 skilta.
Vi legg ut kartmappene til sals tysdag 30. april. Det er 30. gongen vi arrangerer fjelltrimmen og i år staår 30 poster ute i terrenget. Kravet til premiering er likevel det same som altid, 19 poster for A-premie og 12 poster for B-premie.
Dei som er 15 år eller yngre vil få overlevert krystallpremie for innsatsen. Alle numrerte kart er også med i trekninga av gåvekort som vert trekte på klubbhuset i midten av november.
Her er årsmeldinga for trimgruppa som vedlegg. Den er skreven av Leiv Arne Grimstad.
Årsmøte i trimgrupa for 2019
Årsmøte for 2018 vart halde på klubbhuset den 20. februar.
Her takkar leiaren avgåande styremedlem Roar Snipsøyr av med takk for god innsats gjennom dei åra han har vore med.
Også Raymond Longva og Stein Myklebust gikk ut av styret.
Trimgruppa snur ved 30 fjellpostar
- Når vi kjem opp i 30 fjellpostar neste år, snur vi, lova Bernhard Harkjerr, leiar av trimgruppa i Hareid IL, under premieutdelinga for årets arrangement på Hareid klubbhus torsdag kveld.
Neste år blir den populære aktiviteten halden for 30. gong. Sidan arrangement nr. 25 har talet på postar auka med ein post kvart år. Men frå 2019 vil trimgruppa starte nedteljinga tilbake mot 25 postar.
Trimgruppa selde 470 kartmapper i år. Det er ein liten tilbakegang frå dei to siste åra, noko som enkelte trudde hadde å gjere med at det hadde vorte vel mange postar å ta.
Av dei 470 selde karta vart 242 innleverte for premiering. 99 av desse hadde alle postane. 35 av dei 242 deltok for første gong.
Jan Bigset er framleis den som har vore med flest gonger. Han har fått med seg alle 29 åra. Kveldens største pokal tilfall Bjørg Mong Korsnes, som no har delteke 25 gonger.
Elles fekk desse ”femårspokalar”:
20 års deltaking: Lidvar Hovden, Andreas Moldskred, Marianne Teigene.
15 års deltaking: Ådne Elvanes, Eldar Indreflø,. Kim Skeide, Einar Orten Trovåg, Ann Kristin Urke og Terje Urke.
10 års deltaking: Sandra Lynn Bjåstad, Kjell Dimmen, Irene Fjelle, Lillian Hovden, Oddveig Håbakk, Tor Håbakk, Karen Margrethe / Jon Kåre Mork, Kenneth Muren, Lars Bjørn Teige, Monica Teige, Magnus Teige, Torill Åker.
5 års deltaking: Oskar Alme, Lena Bakkejord, Karin Brandal, Lisbeth Brandal, Siw-Monica Brandal, Else Bakke Elvanes, Stig Engen, Kari Garnes, Ingfrid Grimstad, Emil Hareide Hammervoll, Lucas Leander Hovden, Marius Hovden, Tina Margrethe Krogseth, Grete Kristin Kvalsund, Einar Måseide, Hanne Røkke, Kirsti Skinnes, Svein Dag Slettebakk, Rolf Arild Topphol, Marianne Svendsen Vik.
Deltakarar til og med 15 fylte år fekk krystallar i premie, medan det til slutt vart trekt ut seks gåvekort a 500 kroner. Vinnarar av desse vart: Turid Engen, Ann Kristin Urke, Robert Ottesen, Lone B. Finvik, Karin Brandal og Kim Skeide.
Vi har premieutdeling for fjellorienteringa 2018 på Hareid klubbhus torsdag 15. november klokka 18.
Det vert delt ut årspremiar og 5-, 10-, 15-,20- og 25-årspokalar.
Evaluering av postane og ei lita matykt etter utdelinga.
Velkomne!
den stor styrkeprøva 2018
Den store Styrkeprøva 2018 er avlyst.
Etter vurdering av vermelding og forhold i terrenget ser vi at det vert vanskeleg å gjennomføre den Store Styrkeprøva i år. Vi beklager dette, men kjem tilbake med Den Store Styrkeprøva 2019.
den store styrkeprøva 2018
Søndag 23. september er det igjen klart for Den Store Styrkeprøva.
I år er det 20. gongen vi arrangerer turmarsjen.
Frammøte på Eiksund i god tid før klokka 10:00 då starten går. Påmeldinga foregår der frå klokka 09:30.
Det vert full og halv distanse.
For halv distanse kan ein starte enten på Eiksund eller på Alskleiva. På Eiksund er det start samtidig som full distanse, medan det i Alskleiva er start klokka 12:00. Påmelding der ifrå klokka 11:30.
Deltakaravgifta er kr.100 som kan betalast med VIPPS eller kontant.
Betre tider på Hareid
Hareidlandet Triatlon, Hareid Idrettslag og Hjørungavåg idrettslag har med sponsorhjelp frå Sparebanken Møre fått på plass eit felles elektronisk tidtakingssystem.
Utstyret kosta 135 000 kroner. Anita Waage, dagleg leiar i Hareid IL, vil forvalte utstyret som kan leigast. Slik håper idrettslaga at dei også kan få litt inntekter på utstyret, og fleire kan få glede av det.