Skriv ut

19.05. FRÅ ÅRSMØTET: NYTT HOVUDSTYRE, OG HEIDER TIL EI AV HAREID IL SINE VIKTIGE ELDSJELER

Sindre Breivik etter å ha motatt prisen "Vimpel med stong".
Sindre Breivik etter å ha motatt prisen "Vimpel med stong".

Forrige torsdag, den 14. mai, gjennomførte hovudlaget sitt årsmøte. Saklista derifrå finn ein her på heimesida, men det kanskje viktigaste som blei vedtatt var godkjenninga av det nye styret. Det er som følgjer:
Leiar - Vegard Gjerde, 1 år
Nestleiar - Harald Møller, 1 år
Styremedlem - Cecilie Bjørlykke, 1 år
Styremedlem - Oda Midtflø, 1 år
Styremedlem - Jeanette Teigene, 2 år
Styremedlem - Anders Riise, 2 år
Styremedlem - Vivian Johansen, 2 år
Vara - Ina Flø Nesset, 1 år
Vara - Odd Erling Eriksen, 2 år


Vimpel med stong


Årsmøtet bestod ikkje berre av budsjettvedtak og valg av nytt styre. Det blei og satt av tid til å heidre ein som har lagt ned svært mykje tid og innsats i Hareid IL, nemleg Sindre Breivik. Etter 20 år i ulike ledar -og kasserarverv fekk han utmerkinga "Vimpel med stong" av Heidersmerkenemnda, som var representerte ved Leif Arne Grimstad. Heidersmerkenemnda kan gi tre ulike utmerkingar. Dei tre utmerkingane er 3. "Nål med krans", 2. "Vimpel med stong" og 1. "Æresmedlemskap". Om vi ikkje tek heilt feil so finst det berre seks-sju æresmedlem i Hareid IL si historie. Det brukar også å gå fleire år mellom kvar gong prisen "Vimpel med stong" blir delt ut.
Difor takkar og gratulerar vi Sindre Breivik so mykje for all den innsatsen han legg ned i Hareid IL, både i ulike styre, og rundt om på anlegget!