Skriv ut
01.04. Pressemelding: Helsedirektoratet med Nye avklaringar rundt utøving av idrett


Helsedirektoratet og Norges idrettsforbund har gått ut med nye avklaringar gjeldande utøving av idrett under korona-krisa. Det er Hareid IL glade for.
Leiar for fotballgruppa, Anders Riise, har dette å seie om situasjonen:
«Eg har vore i kontakt med ordførar Bernt Brandal som og er leiar for kriseleiinga i kommunen og signalet er at idrettsanlegga vert opna igjen, men at ein arbeidar med retningslinjer for korleis aktiviteten skal gjennomførast. Som leiar for fotballgruppa er eg glad for desse signala. Det blir no svært viktig at alle følgjer retningslinjene som kjem slik at opninga av anlegga vert permanent. Det treng born- og ungdom i ei krevjande tid for oss alle. Det blir i tillegg eigen info frå HIL om korleis vi ser for oss tildeling av treningstider og aktivitet.»

Meir informasjon kjem.