Skriv ut

20.02. HAREID IMPONERTE I ÅRETS FØRSTE KAMP

h_vard_vrelid_hareid-bergs_y.jpg

Hareid A-lag spelte torsdagskveld årets første treningskamp borte mot Bergsøy. Det var ikkje berre sesongens første, men også Kim-Tore Husøy sin aller første kamp som hovudtrenar. Og det laget hans presterte skal han vere svært fornøgd med, trass at kampen enda med eit knepent 2-1 tap.

For at Bergsøy var det laget som enda på 2. plass i fjorårets 4. divisjon, medan Hareid akkurat klarte å beholde plassen, ja det var umogleg å gjette etter 90 minutt på Havila Stadion denne torsdagskvelden.

For Hareid var nemleg det laget som tok kommandoen frå start av, og etter eit godt og intensivt press sikra Hareid seg straffe etter 17 minutt. J-P Vital var den som gjekk opp for å ta straffa, men uheldigvis for Hareid gjekk Bergsøy sin keeper rett vei, og redda. Straffebommen påverka ikkje Hareid altfor mykje, for dei fortsatte å vere det førande laget dei neste 10-15 minutta, men utan å komme til dei altfor store sjansane.

Litt etter litt kom Bergsøy meir og meir inn i kampen, og etter rundt 35. minutt, mot spelets gang, gjekk Bergsøy opp i 1-0 leiing etter eit godt slått innlegg som blei heada kontant i mål. Det var også stillinga då laga gjekk til pause.

2. omgong byrja på akkurat same måte som første, nemleg med at Hareid tok kommandoen. Denne gangen fekk Hareid derimot utteljing for å styre kampen. For etter berre 6. minutt spelt blei eit innlegg slått inn på bakre stolpe. Der venta innbyttaren Lars Roar Holstad, som heada ballen forbi keeper og inn foran mål. Der reiv Martin Longva seg fri og hadde då ein enkel jobb med å setje ballen i mål, 1-1.

Hareid fortsatte å dominere, og berre to minutt seinare var bortelaget svært nær å gå opp i leiinga. Christian Mork Breivik slo ei fantastisk gjennombruddspasning som gjor at William Valde Bigset hamna åleine med keeper. Den nyinnbytta spissen runda Bergsøys sisteskanse, men avslutninga gjekk dessverre stolpe ut.

Ti minutt seinare var William Valde Bigset nok ein gong nærme å auke leiinga, då han på nytt blei spelt gjennom. Men denne gangen var han uheldig og fekk eit dårleg touch, noko som gjor at keeper fekk avverga situasjonen. Totalt imot spelets gang var det istaden Bergsøy som gjekk opp i 2-1 leiing berre tre minutt seinare, nok ein gong etter ei heading.

Etter scoringa jamna kampen ut seg. Begge laga gjor fleire bytte den siste halvtimen, og dei store sjansane uteblei. Difor enda kampen med 2-1 siger til Bergsøy. Men Hareid, som var det klart beste laget i perioder, har veldig mykje positivt dei kan ta med seg vidare. Spesielt med tanke på at dette Bergsøy-laget var det nest beste laget i fjorårets 4. divisjon.

Girri, girri!

Startoppstilling: Rikard Osnes - Nauris Driksna(Lars Roar Holstad), Martin Longva, Ørjan Engen Grimstad, Henrik Hareide Holstad - Andreas Nesset(Joar Møller), Tarje Dimmen Riise, Christian Mork Breivik - Kim Andre Lid Alvestad (Sebastian Hansen Bjørlykke og Håvard Øvrelid), JP Vital (William Valde Bigset), Bastian Rasmussen.