Skriv ut

23.01. HAREID 2 PRØVER SEG i 6.-DIVISJON

Hareid 2 i 2013, ein av fleire sesongar laget enda på andreplass i 6.-divisjon. Fleire av dei vi ser på biletet er framleis med.
Hareid 2 i 2013, ein av fleire sesongar laget enda på andreplass i 6.-divisjon. Fleire av dei vi ser på biletet er framleis med.

Eit spelarmøte onsdag kveld avgjorde at Hareid 2 gjer comeback i 6.-divisjon. 

Store delar av stallen (som vi får presentere skikkeleg seinare) består av spelarar som var med på Hareid 2 i åra fram til og med sesongen 2017 og som gjorde comeback hausten 2019 – då som sjuarlag. Helst skulle stallen ha vore noko større, men det er håp om at det kan kome tre-fire spelarar til inn mot seriestart.

Laget kjem til å trene søndagar og onsdagar utover vinteren, og det er berre å ta kontakt om fleire vil bli med. 

Det er i år ein trenartrio som vil leie Hareid 2. Den består av Benjamin Slettebakk, Einar Orten Trovåg og Emil Johannes Dahlen Folkestad. Kontinuiteten burde vere bra. Dei to førstnemnde er dei som har spelt klart flest kampar for Hareid 2 på 2000-talet. Orten Trovåg har vore trenar for Hareid 2 åtte av dei 11 siste sesongane. Slettebakk har mange års trenarerfaring både frå smågute-, gutelaget og andrelaget i Hareid IL. Folkestad har vore hjelpetrenar på Hareid 2 og dessutan juniortrenar i Hareid IL.

Hareid 2 har allereie avtala ein treningskamp mot Gjerdsvika 18. mars. 

Laget treng eit par kampar til før sesongstart. Så skrik gjerne ut om nokon vil møte Hareid 2 i oppkøyringa.