Skriv ut

20.06.  J14 i storform på tampen av sesongen!

j14-vika.jpg

Hareid J14 var i dag i Spjelkavik for å spele siste kampen i vårsesongen. Og for ein kamp det vart for jentene! I dag var det stang inn på alle moglege måtar.

Hareid starta frisk, og hadde viljen på plass. I dag var dei lystne på å vinne. Oline Røyset putta første målet i kampen. Hareid hadde mykje av spelet. Spjelkavika var farlege når dei spelte seg gjennom, men forsvarsrekka til Hareid, bestående av Ottine Bjørlykke Naustenget og Ragna Rise Grimstad rydda unna det meste av situasjonane. Likevel klarte Vika å utlikne, og det stod 1-1.

Etter ein fin corner frå Andrea Holstad Grimstad gjekk ballen til Malin Bøe Velsvik og rett i mål, Hareid igjen i leiinga, 1-2. Like etter la Andrea Holstad Grimstad på til 1-3, som var stillinga då laga gjekk til pause.

Etter pause er Hareid verkeleg i siget! Borghild Holstad spring frå dei fleste og legg på til 1-4. Emilia Dimmen Naustenget inntek spiss plass og pressar forsvarsarane til Vika slik at dei gjer feil, ho snapper ballen og scorar eit flott mål. Stillinga er no 1-5. 

Andrea Holstad Grimstad har meir å by på og skyt knallhard like forbi keeper og det står 1-6 til Hareid. Borghild Holstad har no fått seg ein kvil på sidelinja og kjem tilbake i full driv. Ho krigar ballen i mål, 1-7. Men det sluttar ikkje der. Vida Hovden vil også inn på scoringslista, ho set sluttresultatet med det 8.målet for Hareidsjentene denne kvelden. Ein gledens kveld for jentene, som viste seg frå si beste side i dag.

Vi gratulerer J 14 med storsiger. No skal jentene jobbe framover mot neste mål, som er Norway Cup.

Hareid sitt lag: Shaza Shahoud, Ottine Bjørlykke Naustenget, Ragna Rise Grimstad, Oline Røyset, Malin Bøe Velsvik, Andrea Holstad Grimstad, Borghild Holstad, Sarah Garnes, Synne Jensen, Emilia Dimmen Naustenget, Signe Knardal, Vida Hovden