Skriv ut

15.06. LOKALDERBY PÅ HAREID STADION MÅNDAG

Ruben-Kenneth Brandal spelte i Hødd mellom 2010 og 2015. Her fotografert i høve ein europacupkamp i 2013.
Ruben-Kenneth Brandal spelte i Hødd mellom 2010 og 2015. Her fotografert i høve ein europacupkamp i 2013.

Frå 2006 og nokre år utover vart oppgjera mellom Hareid og Hødd 2 kalla "The Battle og Hareidlandet". Det vart knytt stor spenning til desse oppgjera. Sidan det var mange eksportar på Hødd a-lag desse åra såg mange på desse 3.-divisjonskampane som dei eigentlege oppgjera mellom Hareid og Hødd.

Men seinare vart det litt mindre spenning knytt til kampane. Også Hødd 2 var i nokre år dominert av mange spelarar utanfrå. Og i 2011, 2013-2016 og 2018 spelte heller ikkje laga i same divisjon.

Det var også ganske stort styrkeforhold mellom laga ei tid. Sjølv Hødd 2 kunne i periodar ha mange deltids-profesjonelle i lagoppstillinga. 

Det er i det heile lenge sidan nokon har snakka om "The Battle of Hareidlandet".

Men i alle tilfelle: Laga møtest igjen måndag.

Hareid har ikkje slått Hødd 2 i serien sidan hausten 2006 (siste sesongen i Kenneth Moldskred sin første periode som Hareid-trenar). Og Hødd 2 må nok sjåast på som store favroittar denne gongen også. A-laget deira spelte kamp allereie laurdag kl. 12.00. Så mykje tyder på at Hareid får bryne seg på eit krusterkt lag på Hareid stadion måndag.

For Hareid sin del har det vore ein litt rar vårsesong så langt. Dei første seks kampane var alle jamne. Og Hareid fekk totalt seks poeng på desse kampane, noko fleire meinte var dårleg utteljing (trass i til dømes bortepoeng mot eit lag som Bergsøy). 

I kamp sju vart det 4-0-tap i Volda. 

Men alle andre kampar enn den har altså tyda på at Hareid spelar jamt med dei fleste. Problemet er at det ikkje blir delt ut poeng for stil eller innsats i fotball. Så det hjelper lite at Hareid hadde fortent sånn eller fortent slik.

Ein må berre brette opp ermane og klinke til i neste runde. Og håpe at trenden etter kvart snur. Det har skjedd før og kan skje igjen.

Så får vi berre sjå om Hødd 2 blir ei for overkomeleg oppgåve. Eller om det går an å få til ein liten skrell?

Møt opp på Hareid stadion måndag 18.30, så får de svaret.

Girri, girri!