28. mars 2024

Hareid i skotet 2023 – gammal festival tilbake i ny drakt

Fotballgruppa i Hareid IL slår på stortromma, og inviterer til både kultur, konkurransar og fotball fredag 2. juni. Ronald Øvrelid er blant dei som er med på laget.

– Dette blir årets happening på Hareid stadion. Vi går for ein folkefest for både unge og vaksne, der Hareid stadion blir bygdas store samlingspunkt denne kvelden, er beskjeden frå fotballstyret i Hareid IL.

Mange hugsar kanskje festivalen «Hareid i skotet», som både var ein festival og ein kassett med musikk på 80-talet.

Og også ein CD med blant anna mykje Hareid-musikk i 2011.

No er «Hareid i skotet» tilbake som festival. Det skjer fredag 2. juni, same dag som Hareid tek imot Bergsøy til 4. divisjonskamp for menn.

Alt skjer på Hareid stadion, og det blir lagt opp til ei rekkje festival-aktivitetar. 

Frå klokka 17.30 blir det tverrleggjar-konkurranse for born og unge, der vinnaren stikk av med ein signert matchball sponsa av Sport1 på Hareid. 

Alle betalande tilskodarar, sesongkort-innehavarar og dei som kjem inn gratis (det vil seie born og ungdom under 19 år som har på seg Hareid IL- eller Bergsøy IL-genser) får alle kvar sine lodd i det store lotteriet – der vinnarane blir trekt ut i pausen.

Det er Sport 1 Hareid, T. Riise, Elon, Bunnpris og Pizzabakeren som bidreg med premiar, noko Hareid IL Fotball er svært takknemlege for at dei gjer. 

Det blir også sjanse til å kjøpe ekstra lodd, for dei som vil ha større vinnarsjansar. 

Rosinen i pylsa blir to mini-konsertar med hareidsdølingen Ronald Øvrelid.

Han er blant anna kjent for Hareid-songane «Bygdis» og «H-A-R-E-I-D». Ronald kjem til å spele to songar før kampstart og to i pausen.

Klokka 18.30 er det kampstart i 4. divisjonskampen mellom Hareid og Bergsøy. Det blir ofte heitt og spennande når desse laga møtest, men Hareid har ikkje slått Bergsøy i ein serie- eller NM-kamp sidan 2005. I fjor vann Bergsøy begge dei to jamne kampane mot Hareid.

Alle blir oppmoda om å stille i supporterklede og støtte sitt lag, helst heimelaget. 

Speaker blir Johs Riise. Det blir også mini-utstilling ved multikunstnaren Anders «Slakky» Øiestad.

Det blir sjølvsagt også kiosk.

Andre postar på programmet kan også dukke opp. Det er også lov for kven som helst å melde seg om dei har eit kulturinnslag eller liknande.

– Vi ser fram til ein triveleg kveld på Hareid stadion, både for fotballinteresserte, kulturinteresserte, konkurranseglade og dei som berre vil slå av ein prat med andre frå bygda. Ta deg ein tur då vel, er oppmodinga frå Hareid IL Fotball.

Under: Ronald Øvrelid skal spele under Hareid i skotet 2023.

Under: Johs Riise hos T. Riise er ein av dei som bidreg med gåvekort i lotteriet. Johs blir også speaker under arrangementet.