25. april 2024

Grendacupen: Mange påmelde siste dagane, no startar spurten

Trass i ein ufrivillig treårspause ser det ut som interessa for å delta i den tradisjonsrike Grendacupen er større enn på lenge. Gjennom helga har det kome inn mange nye (og gamle) lag.

Påmeldingsfristen går ut tysdag kveld klokka 23.59. Dryge to døgn før fristen hadde 25 lag meldt seg på.

  • I herreklassen er allereie 16 lag klare. Det er eitt meir enn talet på deltakande lag i 2019. Målet no er å kome opp i 20 lag. Skjer det blir det første gong sidan 2015 at ein klarer 20 lag eller fleire. Kor vidt det blir old boys-klasse eller ikkje er ikkje klart enno. Men etter ønskje frå ein del potensielle lag kan det bli lagt opp til at laga med høg gjennomsnittsalder får møte kvarandre dag 1.
  • I dameklassen er fire lag klare. I 2019 deltok seks lag. Målet i år må vere å kome opp i seks eller åtte lag.
  • Det har vore stor spenning til interessa for ungdomsklassane, sidan dei færraste potensielle spelarane i år har eit forhold til cupen frå tidlegare. Så langt er det tre påmelde gutelag, fem færre enn i 2019. I tillegg er to jentelag klare. Her var det berre med tre lag i 2019. Men vi har fått signal om at fleire jentelag er på veg inn, så vi satsar på at det her blir minst fire lag. Så då blir sannsynlegvis det store spørsmålet om vi klarer minst fire gutelag? Ein skal her hugse at det ikkje er utlendingsregel i desse klassane (gjeld berre herreklassen), så det kan kanskje vere håp om at eit gutelag eller to utanfrå vil melde seg på?

Påmeldingsskjema her. (Lister over påmelde lag så langt blir oppdatert måndag.)

Vi kan også melde at det for første gong på ein del år blir showkamp under dag 2 av Grendacupen i år. Her får aldersbestemte spelarar i fotballgruppa sjansen til å spele for eit stort publikum.

Vi kan også nemne at ei av gåvene i årets Grendacup-lotteri er ei signert Benfica-drakt. Så godt som heile stallen har signert. Og som vi veit er to svært ferske verdsmeistrar med der, i tillegg til blant andre Fredrik Aursnes frå Torkelvegen.

Så det skal altså ikkje mangle grunnar til å stikke innom Hareidhallen 29. og 30. desember i år.

Men først gjer vi oss altså klare for innspurten av årets påmeldingsprosess!