25. april 2024

Kva er tidenes Grendacup-lagnamn?

Mange lag som aldri har konkurrert om å vinne Grendacupen kan ha markert seg på andre måtar, til dømes ved å ha funne på lagnamn som blir hugsa den dag i dag.

Men kva er eigentleg det meste lagnamnet nokon gong, sidan oppstarten i 1994?

BordEllen frå 2008, som vi ser på biletet over, vart nemnt som ein utfordrar i ei liknande kåring i 2013. Denne typen namn er eit ordspel der ein involverer namnet på ein av spelarane, eventuelt andre i omgangskretsen.

Men det er mange måtar å finne gode namn på. Det kan vere denne typen ordspel, det kan vere meir tidsaktuelle namn, det kan vere gode geografiske namn – eller det kan vere namn som ikkje er spektakulære, men som har vore så gode at dei har festa seg.

La oss begynne med dei tidsaktulle. Eit namn som skil seg ut her er Fucking Småmål frå 1999. Dei som ikkje hugsar 90-talet vil kanskje tenke at dette berre er ein måte å irritere seg på små innandørsmål på. Men dette spelar på filmen Fucking Åmål frå 1998, ein film som var svært populær.

Andre slike namn som kan nemnast er Yeboahs Vitner frå 1996. Dette er ikkje ei feilskriving av Jehova, men rett og slett ein veldig god spiss om Leeds hadde på 90-talet. Eit anna juleaktuelt namn er Dolly Partonkirchen frå 1998. Denne tek nok dei fleste. Mæchmed Valgte Laget var nok eit namn spesielt ungdommane kunne flire av i 2019. TyrannoSuarez Rex kunne også ha vore nemnt. Nokre vil nemleg hugse at Suarez var god til meir å score mål for nokre år sidan. Han var også over snittet god til å bite! David Beckham og uttrykket «Bend it like Beckham» vil nok mange også hugse. Men i Hareidhallen romjula 2002 var det derimot kampanjen «Bend it like Bobo» som gjaldt!

Fleire som har spelt på namn på spelarar på eige lag er Vagnsgutane frå 1994 (dei vann faktisk turneringa, sjølv om det skal leggast til at det gjekk heile 23 år før Vagn gjorde det igjen!), The Very Best of the Pogues minus Oddbjørnatoren (2006) (som vi ser på biletet under) og Are og sildestimen (2013). Gjennom mange år lurte også mange på Carro e?

Så var det dei gode geografiske namna. Bjåstadgeilane Flyers var ein klassikar i mange år før dei la ned laget. ØvreLeeds og NedreLeeds vil vi nok ikkje gløyme. Grimsby med berre grimstingar på 90-talet var ein klassikar. Holemix må også nemnast. Så langt i år har dei berre meldt seg på i dameklassen. Klarer dei å mønstre eit lag også i herreklassen blir dei einaste lag som har klart det alle år turneringa har blitt arrangert sidan 2003 (!) – og det altså med same lagnamn. Vi kan dessverre ikkje reklamere for sjølve produktet Holemix i denne spalta. Men det var visst nok noko dei dyrka på markane på Holane før i tida (neppe Kisse si mark), og som dei over 18 år no kan få kjøpt i butikken.

Andre gode namn som har festa seg og blitt nytta gjennom mange år er Z (som vi ser ein versjon av frå 2007 over), HUS, Krædene, O2-snapparane, Bizim Takim, Kvil dej og Fast Inventar.

Så har vi dei som opp til fleire lag har nytta seg opp gjennom åra, som Systembolaget, Nederlaget, Liggeunderlaget, Gylne Tider, Goldplay og fleire til.

Og så har vi dei litt meir obskure, som Folk å minnjast, Halen frå Holen og No skal mot spele mot.

Og ikkje minst klassikarar som Tam IL (utan tamilar) og Kim Jong IL (utan nordkoreanarar).

Så har vi sikkert gløymt nokre gode. Andre har vore for interne til at vi har forstått dei. Eventuelt at vi ikkje er glupe nok til å forstå dei! Vi oppmodar alle om å liste opp sitt favoritt-lagnamn i kommentarfeltet på Facebook!

NB. Vi minner elles om den endelege påmeldingsfristen 20. desember. Denne gongen blir ikkje fristen utsett. Meld deg på her.

(Bileta under: Versjonar av ØvreLeeds frå 2008 og Geilane IL frå 2007.)