25. april 2024

Kurt (snart 57) toppscorar for andre år på rad

Vi køyrer på med ein ny runde med statistikk frå årsmeldingane til fotballgruppa, og her ser vi litt på Hareid 2 sin sesong.

Etter KM-gullet hausten 2021 følgde laget opp med å vinne sjuarserien i vår. Men i haustsesongen vart Folkestad/Volda 4 for sterke, og Hareid vart nummer to i sluttspelet – og tok dermed eit heiderleg KM-sølv.

Toppscorar i år som i fjor vart Kurt Haddal. Han enda opp med 36 mål på 11 kampar, altså godt over tre mål i snitt per kamp. Haddal gjekk faktisk inn i ei lita måltørke etter at Sunnmørsposten slo opp at han var Sunnmøres toppscorar med 35 mål på 10 kampar, for i siste runde scora han berre eitt mål. Kan presset ha blitt for stort på den snart 57 år gamle målsniken? Eller ligg han på lading til neste sesong?

Det var også fleire på Hareid 2 som visste kvar målet stod i 2022. Gregorz Janiak scora 13 mål på 11 kampar, medan Ola Kalvø Vattøy scora 10 mål på ni kampar. Men nokon reell konkurranse om toppscorartittelen kan det ikkje seiast å ha vore på dette laget i år.

Hareid 2 melder elles i årsmeldinga at det var lurt å stille sjuarlag i 2022, sjølv om også 11-arlaget vart diskutert ei stund. Laget har på det jamne hatt mellom 10 og 14 spelarar på trening. Ein god stamme møter på kvar økt. Tilbodet er bra og noko vi må satse vidare på, er konklusjonen i årsmeldinga.