29. mars 2024

Hareid-spelaren Anna Maria Kostaris er ei av 23 jenter som er tatt ut til samling på Vestnes

Kostaris er tatt ut på ei såkalla utfordrar-RLM-samling i handball, der RLM står for Regionalt Landslagsmiljø. Det blir gjennomført tre slike utfordrarsamlingar i Region Nord. Det er jenter fødde i 2006 og 2007 som er aktuelle for denne samlinga.

Ifølgje innkallinga frå Region Nord er dette samlingar for spelarar som er tett opp mot å bli kalla inn på RLM-samlingar. På Vestnes er det spelarar frå Møre og Romsdal som er kalla inn. Samlinga går føre seg i Vestneshallen 26. oktober og spelarane skal gjennom to økter, der fokuset skal ligge på pasningar, pådrag og vidarespel.

Kostaris har tidlegare vore inne på ei regional talentsamling gjennomført på Orkanger i juni, og har også vore med på regional landslagssamling i beach-handball. Der var også Villemo Johansen Rise frå Hareid og Ingrid Ulstein frå Hødd med.

Til vanleg spelar ho på Hareid sitt J16-lag. Dei har i år eit samarbeid med Hødd og stiller felleslag i J16-serien. Laget har ikkje kome i gang med seriekampar heilt endå, men gjekk heilt til topps under Rem-cup i Fosnavåg tidlegare i haust.

Hareid-jente tatt ut til utfordrarsamling – vikebladet.no