19. april 2024

Ungdommeleg utgåve av Grimstadvatnet rundt – same vinnarar som sist

Laurdag vart vinterens tredje utgåve av Grimstadvatnet Rundt arrangert. 50 personar deltok – flest så langt i vinter.

I likskap med i desember-løpet var det snø og ikkje heilt ideelle forhold. Vinnarane vart også dei same – noko som vi straks skal kome tilbake til.

Men ein del anna var ulikt.

For grunna koronasituasjonen vart deltakarane sendt ut i puljer a ca. 15 personar – med to eller tre minutt mellom puljene.

Løpet fekk derfor ein ekstra spennande dimensjon, a la ein jakstart i ein vinteridrett.

Unge Odin Bakke-Hareide (Hareid IL), som mange kjenner som ein lovande fotballspelar i Hareid IL og IL Hødd – sprang eit kjempeløp og kom først i mål på tida 30,10.

Men det ville det halde til siger? Det kom an på om førstemann i pulje 2 kom mindre enn tre minutt etter Bakke-Hareide i mål.

Og det skjedde.

Som i desember-løpet var det Knut Vikebakk frå Hareidlandet Triatlon som vart løpets vinnar.

Denne gongen fekk han tida 28.34, faktisk ei forbetring sidan sist.

På dei neste plassane kom Peter Vattøy Nygjerde frå Ulsteinvik (29,06) og Jan Endre Rise frå Hareid IL (29,24).

Mange hugsar nok at Rise hadde ein kjempesesong i 2021, men grunna skadar har han ikkje fått trena skikkeleg den siste månaden.

Bakke-Hareide si tid heldt til ein solid fjerdeplass blant karane. Ein anna ungfule frå Hareid IL vart nummer fem på 30,40: Sondre A. Holstad.

I dameklassen var det også status quo.

Louise Skak frå Idrett uten alkohol/Kondis vann på tida 32,30.

May Nesheim frå Velledalen IL fekk si tredje pallplassering denne vinteren då ho vart nummer to med tida 34,00, ei lita forbetring frå sist.

Som i herreklassen var det Hareid IL som tok tredje- og fjerdeplassen. Det sørga Oda Renate T. Midtflø og Cathrin Elvanes for.

Men det kanskje aller kjekkaste med laurdagens løp var dei mange borna og ungdommane som deltok, ikkje minst frå Hareid IL si friidrettsgruppe.

Mange av dei yngste, pluss trenarane deira, deltok i den tredje pulja.

Og her var som seg hør og bør tida ikkje det viktigaste.

Alt i alt ein kjekk dag for store og små. No står det berre igjen å lade opp til det fjerde og siste løpet i 40-årsjubileums-karusellen. Det går laurdag 5. februar.

Om koronasituasjonen tillet den tradisjonelle samlinga på klubbhuset etterpå får vi kome tilbake til.

Mange bilete og fullstendig resultatliste på Hareid IL sin Facebook-profil.

PS. På det vedlagde biletet ser vi Jonathan Hansen Bjørlykke i spurtduell med storebror og hare Sebastian Hansen Bjørlykke.