25. april 2024

Tidenes beste sesong for dei langtspringande (trur vi)

I år som i fjor prøver vi å oppsummere sesongen for langdistanseløparane til Hareid IL. Dette er jo ikkje ei eiga gruppe, men utøvarar som trenar litt her og der og konkurrerer for Hareid IL. Men vi har etter beste evne prøvd å lage ei slags oppsummering for desse utøvarane sin 2021-sesong.

På kvinnesida er det utvilsamt «all time high» blant toppane, og det skuldast sjølvsagt at Therese Falk melde seg inn i Hareid IL for litt over eitt år sidan.

På 24-timersløp tom sette ho først ny nordisk rekord med 254 kilometer i september. I november vart det både nordisk og europeisk rekord – og dessutan nest beste prestasjon av ei kvinne i verda nokon gong – då Therese sprang 261 kilometer på Bislett.

Det er berre å bøye seg i det som er! Og Therese Falk har også hatt ei rekkje andre gode prestasjonar i år.

I juni vann ho eit 100-kilometersløp i Bergen. Therese har også vunne og tatt løyperekord i «vanleg» maraton både på Møgster og under Nordvest Maraton på Hareid i august.

Blant dei aller beste på herresida var det også uvanleg mykje å glede seg over i år. Etter mange gode sesongar hadde Jan Endre Rise sitt aller beste år i år.

Mellom anna sprang han heilmaraton på 2.50,36 i London. Det er den beste heilmaratonen nokon frå Hareid har sprunge på mange år, kanskje i det heile på 2000-talet? Odd Elvanes har etter det vi veit klubbrekorden på 2,43, men det var i Berlin i 1993. Elvanes har også vore under 2,50 etter eit par gonger etter det, men meiner sjølv dei løpa var på 90-talet.

Jan Endre kom også under 1,20 på halvmaraton i år. Han fekk tida 1.18,52 og vart nummer tre i det utsette Ålesund maraton som gjekk i september.

I nyare tid var det berre Einar Orten Trovåg frå Hareid IL som hadde vore under 1,20 (1.19,32 i 2018) på halvmaraton, men den prestasjonen vart slått to gonger på kort tid. For berre eit par timar etter at Jan Endre kom i mål i Ålesund passerte Henrik Hareide Holstad målstreken i Oslo. Han fekk tida 1.17,23 og smadra sin eigen pers med over seks minutt. Og ikkje berre det. Tida til Henrik er også gjeldande kretsrekord i Møre og Romsdal for dei under 22 år.

No er det ting som tyder på at Henrik melder seg inn i ein klubb i Oslo etter denne sesongen, men vi ønskjer han uansett lykke til vidare same kva han gjer. Det har i alle fall vore veldig kjekt å følgje 20-åringen framma Hovden i år.

Både Jan Endre og Henrik har også ei rekkje andre gode prestasjonar i år enn dei som allereie er nemnde. Jan Endre vann 5-kilometeren under Ålesund nyttårsmaraton for snart eit år sidan. Vidare har han blitt nummer to i Stadionmila på Hareid i august og har to andreplassar i Grimstadvatnet rundt. Jan Endre vart også kretsmeister i sin klasse i Nordvest Maraton.

Henrik vann også sin klasse under Fornebuløpet i september. Han fekk tida 35,34 i den 10 kilometer lange løypa. I tillegg kjem ein tredjeplass i Snipsøyrvatnet rundt.

Vi kan også nemne at Jan Endre og Henrik vart høvesvis nummer éin og to under den uoffisielle Hareid-meisterskapen i halvmaraton i mai, som var eit koronatilpassa arrangement for dei som var busette i kommunen.

Nummer tre vart Einar Orten Trovåg på ei grei tid godt under 1,30 i den tøffe løypa inn til Snipsøyr og tilbake, men det var også det einaste løpet han rakk i ein svært skadeutsett sesong.

Håvard Bolstad Banne (som bur i Ålesund, men konkurrerer for Hareid IL) har også hatt ein sesong plaga av skadar, men sprang under 1,31 i den tøffe løypa på Vartdal i mai.

Så er det sikkert mange andre menn som spring for Hareid IL som kunne vore nemnt – og som vi ikkje får nemnt – men vi kan i farta nemne at veteranane Dag Snipsøyr og Øystein Orten tok KM-medaljar i halvmaraton i sine klassar (men ikkje gull, slik Jan Endre Rise og Therese Falk også gjorde).

Ein som kanskje bør nemnast er rett nok Dag Harald Moldskred, som var Hareid IL sin beste på heilmaraton i 2020. Han låg også an til ein ny god heilmaraton under Nordvest Maraton, men sprang feil og fekk ikkje godkjent tida si.

På kvinnesida er det ikkje berre Therese Falk som fortener å bli nemnt. Cathrin Elvanes har gjennomført to solide halvmaraton på Hareid i år, i tillegg til å vere jamn deltakar i dei andre mosjonsløpa.

Oda Renate Midtflø har så vidt vi har sett ikkje delteke i så veldig mange løp, men vart nummer tre i Grimstadvatnet rundt i november på 34,08 og var også beste kvinne frå Hareid IL i Snipsøyrvatnet rundt.

Det kan jo hende at nokre kjem til å springe nyttårsmaraton i romjula. Men vi tek allereie no sjansen på å påstå at dette er den beste sesongen nokon gong for langdistanseløparane i Hareid IL.

Det har vore gode sesongar før også, men når var det sist tre frå Hareid IL som presterte så godt på dei lengste distansane som Therese Falk, Jan Endre Rise og Henrik Hareide Holstad? Vi veit ikkje…

Vel blåst!

PS 1. Vi prøver å oppdatere diverse statistikk. Lista over dei beste halvmaratonløparane får Hareid IL per år ser no slik ut: 2013: Joar Gjerde. 2014-2016: Jan Endre Rise. 2017-2019: Einar Orten Trovåg. 2020: Jan Endre Rise. 2021: Henrik Hareide Holstad

Heilmaraton menn: 2020: Dag Harald Moldskred. 2021: Jan Endre Rise.

Halvmaraton kvinner: 2019: Vivian Johansen. 2020: Astrid Andersen. 2021: Cathrin Elvanes

Heilmaraton kvinner: 2021: Therese Falk

PS 2. Når vi har laga denne artikkelen har vi berre inkludert dei som melder seg på til løp med Hareid IL som oppført klubb. Om ein til dømes er medlem i Hareid IL, men skriv til dømes «Snipsøyrdalen springelag» som klubb, så er ein ikkje med her. Det kan sjølvsagt også vere at det er folk rundt om i landet (eller verda) som deltek i løp og som registrerer seg som medlemmar i Hareid IL – og som vi ikkje veit om. Då får vi berre oppmode om at det snart er på tide å helse heimatte’ snart 🙂