5. desember 2021

Siste nytt om reglar knytt til Old Boysklassa

Førre veke blei det klart at det er mogleg å stille lag i Old boysklassa under Grendacupen 2021.

Med den publiseringa kom det nokre reaksjonar/tilbakemeldingar. Blant anna om alderskravet som vi hadde på 40 år.

Der har vi gått ned til at du kan være 35 år og fortsatt delta i denne klassa, men du må være “mosjonist” og ikkje spele i divisjonssystemet. Ein kan maksimum være 10 spelarar på laget og påmeldingsavgifta blir på kr. 1000,- per lag. I denne klassa gjeld ikkje “utlendingsregelen”.

Når det gjeld å spele alle kampane på same dag har vi nødt til å sjå på kor mange lag ein blir når påmeldingsfristen går ut. Vi kan ikkje sei om den klassa blir gjennomført over ein eller to dagar enda.

Vi har uansett stor tru på at dette blir ei populær klasse, både for spelarane som deltek og for publikum 🙂

Ein kan lese alt av reglar og påmelding her: Reglar og påmelding 2021 – Hareid IL