19. mai 2022
Frå venstre: Dagleg leiar, sportsleg leiar og påtroppande lagleiar Ola Kalvø Vattøy, påtroppande trenar Hans Gisle Holstad og styreleiar i fotballgruppa, Anders Riise.

A-lagskabalen er klar: Kisse gjer comeback

Først av alt ønskjer vi å takke Kim-Tore Husøy for innsatsen han har lagt ned som trenar dei to siste åra. Ingen Hareid-trenar har nokon gong hatt større utfordringar enn han har hatt denne perioden. Koronasituasjonen har gjort at treningane har blitt stoppa og starta opp igjen fleire gongar, og fram til i sommar har det heile tida vore usikkert når seriespelet ville starte opp igjen. Samtidig forsvann nesten heile Hareid sin gyldne 2001-generasjon denne sommaren, spelarar som hadde danne ei svært spennande stamme i laget om det hadde blitt seriespel i 2020 eller våren 2021. Korleis det hadde gått om desse hadde fått spelt får vi dessverre aldri svar på.

Etter ein lovande start mot Emblem har det deretter blitt mykje motgang i serien. Mange eittmålstap har det blitt. Mange fortent – andre etter utur. Flyt har det i alle fall ikkje vore! Uansett: Kim-Tore Husøy har trass i motgangen klart å halde oppe humøret heile vegen, og vi takkar han så mykje for den framifrå innsatsen han har lagt ned desse to tøffe åra! 

Allereie i sommar var det klart at Husøy var uaktuell som Hareid-trenar utover denne sesongen. For nokre veker sidan starta dermed jakta på ein erstattar. Og tidlegare denne veka var det klart at erstattaren blir sjølvaste Hans Gisle Holstad. “Kisse” er ein av Søre Sunnmøres mest meritterte trenarar gjennom tidene. I tillegg til å trene Hødd i to periodar, Bergsøy (nesten opprykk til nivå to), Kongsvinger og aldersbestemte landslag har han trena Hareid a-lag i periodane 1979-1982, 1984-1985, 1989, 1994 og 2013-2014. Det betyr at Kisse blant anna var trenar då Hareid for første gong rykte opp til nivå tre i 1980, og det var han som bygde opp igjen Hareid etter den svært tunge 2012-sesongen. Det skulle vere unødvendig å nemne at han også har landets høgaste trenarutdanning. Vi er svært glade for at Kisse no har tatt på seg å trene moderklubben igjen!

Styreleiar Anders Riise seier at han ønskjer Kisse tilbake som a-lagstrenar: – Eg føler meg trygg på at Hareid IL har fått ein kapasitet med mykje verdifull erfaring som vil ta laget til nye høgder!

Trenarløysinga elles også er av det lokale slaget. Hjelpetrenarar blir Vagn Scheide Mork, Lars Petter Bjørlykke og Vidar Vollsæter. Bjørlykke bur i likskap med Kisse på Holstad, men er eigentleg frå Selje. Han har spelt på fleire seniorlag på Nordvestlandet og har i fleire år trena aldersbestemte lag på Hareid. Ein svært kompetent ressurs. Flyttar vi oss litt lenger fram i dalen og til Grimstad finn vi Vagn Scheide Mork, mannen som toppar Hareid sin adelskalender.  Han har også vore anten hjelpetrenar eller sidestilt hovudtrenar for Hareid i 2009, 2012 og 2016 – og i fleire sesongar også keepertrenar. Sidan 2016 har Mork trena aldersbestemte lag. Vidar Vollsæter – som vi finn på det andre side av Holstad, på Gjerde, har vore i trenarteamet sidan 2013. Han er også lege, noko som også vil kome laget godt til nytte.

Elles i teamet vil vi finne to karar frå Snipsøyrdalen: Knut Helge Hovden og Gullvald Kløvning. Hovden har vore materialforvaltar sidan 2001 og var ikkje i tvil om å gå på endå ein sesong. Kløvning, som i likskap med Mork har lang fartstid som keeper, har denne sesongen hjelpt a-laget med masasje og mykje anna på kampane. Også han var ikkje i tvil då han fekk spørsmål om å gå på ein sesong til.

Den sjuande i neste års støtteapparat er den einaste som ikkje er busett i Hareid, men derimot eit bakkeløp frå kommunegrensa. Ola Kalvø Vattøy er også dagleg leiar i Hareid IL (og i haust også sportsleg leiar), og kjem neste år til å vere lagleiar i staden for å spele sjølv.

Hareid IL Fotball er svært nøgde med å få på plass eit godt støtteapparat. No veit vi enno ikkje kva divisjon det blir neste år, men satsinga skal uansett halde 4. divisjonsnivå. Og allereie 4. november blir det informasjonsmøte om neste sesong. Og ikkje lenge etter det set Kisse i sving sin tradisjonelle “aktive avkoplingsperiode”. Så her gjeld det berre å henge med i svingane. Girri, girri!

PS. Det høyrer også med å takke Ørjan Engen Grimstad og Håvard Knudsen Bjåstad for innsatsen i år. Grimstad har dei to siste åra vore hjelpetrenar både på damelaget og herrelaget, sjølv om han store delar av denne perioden har budd i Ålesund, der han framleis bur. Det har ofte blitt travle dagar med to treningar per kveld. Ei slik løysing er ikkje aktuell neste år, men vi er glade for at Grimstad er veldig positiv til å bli med vidare som spelar. Dei som såg kampen mot Valder i går vart minna om kor mykje fotball det er i han. Håvard Knudsen Bjåstad har i likskap med Grimstad slite mykje med skadar i haust. Kanskje mykje derfor glei han inn i rolla som lagleiar for a-laget, der han har gjort ein formidabel jobb. No er håpet at Bjåstad held seg skadefri og stiller som spelar neste år, i tillegg til rolla han skal ha som trenar for 13- og 14-årslaget. Vel blåst!