24. april 2024

Hareid tapte nok ein gong med eit mål

Hareid har no spelt fire kampar i 4. divisjon. Tre av kampane har dessverre enda med tap. Der det seinaste tapet kom i går, etter at stillinga blei 3-2 borte mot Larsnes/Gursken, på River Plate Stadion.

Kampen starta klart best for Larsnes/Gursken, for etter eitt minutt hadde dei allereie hatt ein enorm dobbeltsjanse. Først kom ein L/G-spelar åleine med keeper Rikard Osnes, men han varta opp med ei svært god redning, og fekk slått ballen til corner. Denne corneren blei også svært farleg, for ein Larsnes/Gursken spelar får avslutta, og skyt ballen i tverrliggjaren.

Larsnes/Gursken fortsatte å skape fleire svært store sjansar i opninga, men på nesten mirakuløst vis so skorar ikkje heimelaget.

I det 25. minuttet er det i staden Hareid som skal gå opp i leiinga. Då får nemleg bortelaget ein corner, som Petter Worren slår inn i feltet. Den blir først heada ut av 16-meteren av ein Larsnes/Gursken spelar, men i returrommet venta Kim-Andre Lid Alvestad, som skal komme til å skåre eit kunstmål. På førstetouchet sitt, so dunkar han til på halvvolley, omkring 18 meter frå mål. Ballen går so i ei nydeleg bane til motsett kryss, via tverrliggjaren og inn.

Etter målet hadde Hareid ei betre periode, der dei klarte å kontrollere kampen ei stund. Men dette skulle vise seg å bli ein kamp der dødballar kom til å avgjere det heile. Og då skal ikkje det meir til enn at L/G får ein corner, før det blir mål. I det 39. minutt skjer dette, corneren blir slått inn på bakre stolpe, og so heada inn igjen i feltet. Der er Steffen Moltu svært sterk, og headar ball inn til stillinga 1-1.

Like etter utlikninga er Hareid framme på ei kontring. Kim-Andre Lid Alvestad spring seg fri i bakrommet, og slår ei pasning inn til William Valde Bigset, som no er innanfor 16-meteren. Han avsluttar, men ei god L/G-takling blokkerar skotet. Valde Bigset vinn ballen tilbake igjen, og driblar seg litt til sida, han blir so takla igjen, uten at det ser ut som forsvararen er for mykje på ballen. Ballen trillar so bort til Johannes Knardal, som so blir dragd ned. Hovuddommar dømmer først straffe, men etter ein prat med linjedommaren endrar han seg. Seinare i kampen får ein høyre at fleire Larsnes/Gursken-spelarar var svært letta over at dommaren ombestemte seg, då dei sjølv meinte det var straffe. Men nok om det, dommaren dømmer, og laga gjekk til pause med 1-1.

Etter pause er det Larsnes/Gursken som går opp i leiinga. I det 58. minuttet får heimelaget nok ein corner, og Rekdal får gå opp relativt åleine på bakre, og headar ball inn via tverrleggjaren til 2-1.

13 minutt seinare aukar heimelaget leiinga, og som ein kanskje kan tippe, so blir denne også skåra etter ein dødball. Hjørnesparket blir først klarert av Hareid, men L/G står godt etter, og kjem seg ned på høgresida. Hareid er dessverre for passive i presset på ballførar, og dei får slått inn eit godt innlegg på bakerste. Der får L/G-angriparen ein enkel jobb med å heade inn 3-1 målet.

No såg det veldig tøft ut for Hareid, men dei ga seg ikkje. Berre 4 minutt seinare, i det 75. minutt, skulle bortelaget nemleg redusere, og sjølvsagt var også dette på dødball. Petter Worren slår eit frispark ca. 35 meter frå mål, langs eine sidelinja, inn i boksa. Ingen av L/G-forsvarane plukkar opp Hareid sine løp på bakre stolpe, og Gustav Bjørlykke «spring» dermed berre ballen inn til 3-2.

Det var dermed liv igjen i kampen, og Hareid pressa litt meir på mot slutten. Men dei store sjansane blei ikkje skapt, og Hareid fekk dermed ikkje utlikna før dommaren blåste av kampen.

Dette blei altso det tredje tapet for Hareid, og fellesnemnaren for alle kampane er at Hareid har tapt med minst mogleg margin, med eitt mål…

No er det ny kamp neste fredag, heime mot Hovdebygda. Då håper vi på eit betre resultat for Hareid!

Lagoppstilling:

Rikard Osnes – Nauris Driksna (Håvard Bjåstad), Gabriel Olav Peterson, Ørjan Engen Grimstad, Daniel Hüttner Pilskog (Joar Møller) – Andreas Nesset, Petter Worren, Johannes Knardal (Sebastian Hansen Bjørlykke), Gustav Bjørlykke (K), Kim-Andre Lid Alvestad – William Valde Bigset

Hareid sine tre beste:

(Ingen enkel jobb å plukke ut tre, men vi gjer eit forsøk…)

*** Kim-Andre Lid Alvestad

**Gustav Bjørlykke

* Rikard Osnes