22. juni 2021
Linn Urke med statuetten som viser at ho er kåra til månadens frivillige for april.

Linn Urke månadens frivillige for april

Då er vinnaren av månadens frivillige kåra, og det blei Linn Urke som stakk av med prisen for april!!

Linn legg ned utruleg mykje tid og energi for alle turnarane i Hareid IL. Ho er trenar for fleire av gruppene, ho sit i styret, har ansvar for alt av utstyr og ho motiverar og støttar både turnarane og trenarane!

Hareid IL set enormt pris på den jobben Linn gjer! Gratulere so mykje med prisen for april!

PS: Det er no mogleg å sende inn forslag til månadens frivillige for mai