hareid_il_logo_135.png

26.01. HAREID MED TO LAG I "ODDEN-CUPEN"

Frå ein Hareid 2-kamp mot Bergsøy 2 i fjor.
Frå ein Hareid 2-kamp mot Bergsøy 2 i fjor.

20.01. TRENINGSKAMPAR MENN SENIOR

Frå ein treningskamp mellom Hareid og Volda i fjor. Hareid-spelarane er kapteinen Ruben-Kenneth Brandal og visekapteinen Torgeir Skeide.
Frå ein treningskamp mellom Hareid og Volda i fjor. Hareid-spelarane er kapteinen Ruben-Kenneth Brandal og visekapteinen Torgeir Skeide.

A-lag:

* Torsdag 9. februar: Hareid - Bergsøy

* Torsdag 23. februar: Hareid - Emblem

* Torsdag 2. mars: Hareid - ÅVK

* Tysdag 7. mars: Volda - Hareid

* Torsdag 9. mars: Hareid - Hovdebygda

(Ledig plass til kamp her.)

* Tysdag 4. april: Hødd II - Hareid

* Tysdag 11. april: LGFK - Hareid

Hareid 2:

* Tysdag 7. februar: Hareid - Åmdal

* Torsdag 16. februar: Hasundgot - Hareid

* Tysdag 14. mars: Åmdal - Hareid

(+ 2 kampar til)

19.01. OPTIMISMEN TILBAKE I HAREID 2-LEIREN

Emil Johannes Dahlen Folkestad og Arthur Hareide i ein duell i ein bortekamp mot Tjørvåg i fjor.
Emil Johannes Dahlen Folkestad og Arthur Hareide i ein duell i ein bortekamp mot Tjørvåg i fjor.

17 mann møtte opp då Hareid 2 hadde oppstartsmøte torsdag kveld.

17.01. OPPSTARTSMØTE HAREID 2, TORSDAG 19.00 (MØTEROMMET)

Alle interesserte spelarar må møte.

Etter møtet blir det ei kort trening.

Vel møtt!

09.01. SPELE PÅ HAREID 2 I ÅR?

Frå ein bortekamp mot Tjørvåg i fjor.
Frå ein bortekamp mot Tjørvåg i fjor.

Hareid håper å til eit lag i 6.-divisjon i år også, men treng fleire spelarar.

18.12. HAREID 2-3: WARHOLM LIGAMEISTER DEL II 2016

Martinus Warholm etter treninga søndag kveld.
Martinus Warholm etter treninga søndag kveld.

Hareid 2-3-gruppa har tradisjon for å køyre "liga-treningar", det vil seie at ein (i løpet av til dømes eit halvt år) samlar poeng for sigrar på treningane. Søndag kveld vart det klart at Martinus Warholm vart ligameister del II i 2016. Han vann eitt poeng framfor Andreas Emdal Fure. Fredrik Fagerli Abrahamsen og Emil Johannes Dahlen Folkestad delte tredjeplassen. Vi gratulerer.

07.11. HAREID 2-3-GRUPPA HELDT HJULA I GANG

Ein gjeng på Hareid 2-3-trening for nokre veker sidan. Frå venstre: Nathaniel Eiksund Brekke, Einar Orten Trovåg, Thor André Barstad Gulbrandsen, Thomas Østrem, Eirik W. Brandal og Andreas H. Rise.
Ein gjeng på Hareid 2-3-trening for nokre veker sidan. Frå venstre: Nathaniel Eiksund Brekke, Einar Orten Trovåg, Thor André Barstad Gulbrandsen, Thomas Østrem, Eirik W. Brandal og Andreas H. Rise.

05.11. HEIDER OGSÅ TIL BRANDAL

Odd-Magne "Oddis" Brandal.
Odd-Magne "Oddis" Brandal.

I tillegg til heideren som vart delt ut under årsfesten for to veker sidan, har også nokre som ikkje var til stades blitt heidra litt no og då. Under Hareid 2-3-treninga sist søndag fekk Odd-Magne Brandal ein liten pokal for 50 Hareid 2-kampar. 

30.10. SESONGRAPPORT HAREID 2 og 3 - 2016

Thanusan Tharumalingam i bortekampen mot Tjørvåg, som Hareid vann 4-1.
Thanusan Tharumalingam i bortekampen mot Tjørvåg, som Hareid vann 4-1.

Sjekk her: 

sesongrapport_hareid_menn_senior_2_og_3-pdf.pdf

23.10. ÅRSFESTEN: THARUMALINGAM ÅRETS SPELAR PÅ HAREID 2

* Årets spelar Hareid 2: Thanusan Tharumalingam
* Årets unge spelar Hareid 2: Andreas Emdal Fure
* Assist-konge Hareid 2: Fredrik Andresen
* Toppscorar Hareid 2: Kevin Øvrelid
* Toppscorar Hareid 3: Eirik W. Brandal (var også toppscorar totalt for Hareid 2, om ein tek med både serie- og treningskampar)
Prisutdelar på bileta er Eiliv-Tore Howlid.

Sjekk også post frå fredag angåande prisar for denne gruppa.

21.10. BANNE ÅRETS SPELAR PÅ HAREID 3

Håvard Bolstad Banne.
Håvard Bolstad Banne.

Som vi skreiv i går: Det er ikkje alle som har høve til å delta på årsfesten i fotballgruppa (seniorfotballen) laurdag. Derfor må det delast ut litt heider og ære her og der. 

13.10. ADELSKALENDER HAREID 2 - OPPDATERT

Det vart éin HIL2-kamp på Eiliv-Tore Howlid i år også. Denne gongen heime mot Moltustranda i siste serierunde (biletet).
Det vart éin HIL2-kamp på Eiliv-Tore Howlid i år også. Denne gongen heime mot Moltustranda i siste serierunde (biletet).

Einar Orten Trovåg ligg framleis på topp, sjølv om han nesten ikkje har spelt siste par åra. Det var venta at Benjamin Slettebakk skulle passere 100 kampar i år, men han mista heile haustsesongen grunna skadar. Vi legg elles merke til at Eiliv-Tore Howlid er den einaste som har registrert kampar alle ni sesongane Hareid 2 har hatt lag, sjølv om han berre har 13 kampar totalt. NB. Hareid 2 må ikkje forvekslast med det som før i tida, fram til litt ut på 90-talet, vart kalla b-laget. B-laga spelte før i tida i eigne seriar. Andrelaga har siste ca. 20 åra spelt i det ordinære divisjonssystemet. Og Hareid 2 stilte lag for første gong i 2000.

adelskalender_hareid_ii_-_2016_pdf.pdf

05.10. SPELARSTATISTIKK HAREID 3 - SESONGEN 2016

Håvard Bolstad Banne var den einaste som spelte alle Hareid 3-kampane i år.
Håvard Bolstad Banne var den einaste som spelte alle Hareid 3-kampane i år.

04.10. HAREIDE-BROR MED SUKSESS i GRÜner IL

Emil Vartdal Hareide (til høgre) saman med Kevin Øvrelid. Fotograferte i høve måndagens Hareid 2-kamp. Truleg var Emil her i gang med å signere Kevin til laget han skal ha under Sparebank1 Grendacupen.

04.10. SPELARSTATISTIKK HAREID 2 - 2016

Martinus Warholm spelte alle kampane sett vekk frå to.
Martinus Warholm spelte alle kampane sett vekk frå to.

04.10. HAREID 2 AVSLUTTA MED KLAR SIGER

Emil Johannes Dahlen Folkestad scora eitt av måla.
Emil Johannes Dahlen Folkestad scora eitt av måla.

28.09. FØRSTE HAUSTTAP FOR HAREID 3

Hareid 3 tapte 3-1 heime mot Tjørvåg 2, eit lag som berre består av spelarar frå Aust-Europa.

23.09. FOTO: SÆBØ-HAREID II OG GJERDSVIKA II - HAREID III

1234...20Neste
ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR