hareid_il_logo_135.png









 

29.01. NY SIGER TIL HAREID JUNIOR

William Valde Bigset, her frå ein a-kamp mot Ørsta i fjor, står med fem mål så langt i kvaliken. Totalt har Hareid imponerande 7-0 i målforskjell.
William Valde Bigset, her frå ein a-kamp mot Ørsta i fjor, står med fem mål så langt i kvaliken. Totalt har Hareid imponerande 7-0 i målforskjell.

Hareid-juniorane nærmar seg 1.-divisjon. I dag vann dei 1-0 mot SIF/Hessa etter mål av William Valde Bigset, og med tre sigrar av tre moglege begynner det å lukte 1.-divisjon av laget. To eller tre poeng på dei to kampane mot FK Sykkylven og Herd neste helg bør i alle fall halde. Men det blir sjølvsagt ikkje lett. Kampar og tabell.

22.01. STERK OPNING PÅ KVALIKEN AV HAREID JUNIOR

Hareid spelte to av sine fem kvalikkampar i dag. Først vart det 2-0-siger mot Langevåg - etter to mål av William Valde Bigset. Deretter vann Hareid 4-0 mot Brattvåg, etter mål av Bigset (2), Martinus Almli og Håvard Øvrelid. Med andre ord ei knallopning på kvaliken, men det står igjen tre tøffe kampar - mot Herd, FK Sykkylven og SIF/Hessa. Truleg treng Hareid fire poeng på desse kampane for å nå 1.-divisjon.

05.01. KNALLTØFT KVALIKOPPSETT FOR HAREID JUNIOR

Gustav Bjørlykke Kløvning under ein juniorkamp i fjor.
Gustav Bjørlykke Kløvning under ein juniorkamp i fjor.

20.12. LAGFOTO ALDERSBESTEMT 2016

Om tre dagar fyller fotballgruppa 70 år. I det høvet har gruppa gitt ut eit eige jubileumshefte, som sikkert mange allereien har sett og lest. Nokre av sidene i heftet var sett av til lagbilete frå aldersbestemt fotball. Og sidan nokre av desse bileta vart ein gode del mørkare på trykk enn dei eigentleg skulle vere, så kjem bileta ein gong til her. Namna på alle spelarane og alle leiarane står i heftet.

29.11. 33 SPELARAR MØTTE TIL OPPSTARTSMØTE FOR G16 OG JUNIOR

Fredrik Andresen.
Fredrik Andresen.

Det vart i dag (tysdag) halde felles spelarmøte for G16 og junior 2017. Med i alle fall fire-fem som grunna sjukdom eller anna ikkje møtte, ser vi at det er eit potensial på nærare 40 spelarar i desse aldersgruppene komande sesong.

28.11. HAREID MED FORNYA SATSING PÅ JUNIORGENERASJONEN (NB. HUGS SPELARMØTE FOR JUNIOR OG G16 PÅ HUS TYSDAG 18.00)

Kim-Tore Husøy, her frå ein kamp mot Rollon i 2011.
Kim-Tore Husøy, her frå ein kamp mot Rollon i 2011.

Med Kim-Tore Husøy tilbake som trenar slår Hareid IL Fotball til med ei fornya satsing på juniorfotballen i klubben.

16.11. SPELARMØTE/OPPSTARTSMØTE G16 OG JUNIOR 2017

Møte blir halde anten måndag 28. november eller tysdag 29. november. Meir informasjon om dette kjem neste veke.

24.06. SLIK GJEKK DET MED UNGDOMSLAGA I VÅR: SPESIELT JENTENE IMPONERTE

Filip Andreas Moldskred i aksjon for G13 niar i ein kamp mot Hødd sist veke.
Filip Andreas Moldskred i aksjon for G13 niar i ein kamp mot Hødd sist veke.

Vi gir deg oversikta over korleis det gjekk med Hareid IL Fotball sine ungdomslag (13-19 år) i vårsesongen. 

29.05. JUNIORLAGET TAPTE HEIME MOT LANGEVÅG

Håvard Øvrelid scora Hareid sitt andre mål.
Håvard Øvrelid scora Hareid sitt andre mål.

Hareid junior spelte søndag heimekamp mot Langevåg. Bortelaget tok leiinga ved tidlegare Hareid-spelar Isak Kristoffersen, men Hareid kom seg utover i omgangen og fekk ei fortent utlikning før pause. Håvard Øvrelid vart felt, medan Simon Holstad Grimstad scora frå straffemerket. Det første som skjedde i andre omgang var at Kristoffersen scora sitt andre for dagen. Hareid gjekk på ein liten kollaps og låg under 1-4 relativt tidleg i 2. omgang. I tillegg redda Sigve Overå Hide ei straffe. Til slutt vann Langevåg 5-2. Håvard Øvrelid scora Hareid sitt andre mål. Hareid hadde nokre gode periodar denne kampen, men sleit med den giftige spissduoen til Langevåg; Isak Kristoffersen og Simon Vågnes.

11.05. JUNIORLAGET TAPTE NY JAMN KAMP: 3-1 BORTE MOT LGFK

lgfk_hareid.jpg

Men det var gledeleg at Håvard Øvrelid scora i sin første kamp i 2016.

27.04. TO KNAPPE TAP

Juniorlaget tapte 1-0 borte mot Aksla, medan damelaget tapte 3-2 heime mot Vartdal. Vi oppmodar lagleiarar eller andre om å sende inn rapportar, referat og/eller bilete til hareidsida@gmail.com
PS. Vi melde i går at Hareid III vann 13-7 borte mot Flø. Det korrekte skal vere at Hareid III vann 13-8.

18.04. FOTO: JUNIORKAMPEN HAREID - EMBLEM

Juniorlaget serieopna i 2.-divisjon søndag. Hareid tok leiinga ved Nathaniel Eiksund Brekke, etter eit flott forarbeid av Simon Holstad Grimstad. Så rykte Emblem frå, men Gustav Bjørlykke Kløvning reduserte til 2-3 tidleg i 2. omgang. Dessverre vart sistnemnde utvist. I tillegg hadde Grimstad gått ut med skade i pausen. Og då vart det sjølvsagt vanskeleg. Eit Hareid-lag som i periodar spelte flott fotball tapte til slutt heile 7-2.

06.03. FØRSTE ORDINÆRE TRENINGSKAMP FOR JUNIORLAGET: 4-3-SIGER HEIME MOT ØRSTA

Målscorarar for Hareid var William Valde Bigset, Runar Stranden (overårig, kom inn på slutten), Gustav Bjørlykke Kløvning og Simon Holstad Grimstad.

14.02. INTERNKAMP: HAREID II/III - HAREID JR. 4-3 (2-0)

Hareid II/III vann søndag kveld 4-3 mot juniorlaget i ein internkamp på 2 x 35 minutt. Dei eldste var klar best i 1. omgang og i starten av den andre, men utover i kampen vart juniorane betre og betre - og dei kunne fort ha fått med seg ei utlikning i snøveret. Dommar var Richard Martin Hunstad frå Hjørungavåg IL. Juniorlaget nytta 12 spelarar inkludert eit par overårige, medan II/III-gjengen mønstra ein tropp på 15 spelarar. Juniortrenaren Emil Johannes Dahlen Folkestad var ikkje med som spelar, men gjorde ein god jobb som snøryddar i forkant.
Mål II/III: Håvard Bolstad Banne, Eirik Walaunet Brandal, Emil Vartdal Hareide, Fredrik Fagerli Abrahamsen.

06.02. ODDEN-CUPEN DAG 2: STERKT SØLV TIL HAREID-DAMENE

Damene. Keeperen Arnhild Åsmo Bogset i front.
Damene. Keeperen Arnhild Åsmo Bogset i front.

05.02. ODDEN-CUPEN DAG 1: DAMENE IMPONERTE

Suksess på direkten for den nye trenarduoen for damelaget, Hazhir Alipoor og Venthan Ketheeswaran.
Suksess på direkten for den nye trenarduoen for damelaget, Hazhir Alipoor og Venthan Ketheeswaran.

23.01. HAREID MED ÅTTE UNGDOMSLAG I 2016

Småjentelaget i fjor.
Småjentelaget i fjor.

06.01. SÅ VAR BÅDE J16/DAMELAGET, JUNIORLAGET OG HAREID 2-3-GRUPPA I GANG

3836.jpg

Folksamt på Hareidsmyrane stadion onsdag kveld.

03.01. JUNIORLAGET ER STRAKS I GANG MED OPPKØYRINGA

Trenarane Emil Johannes Dahlen Folkestad og Hiwa Alipoor.
Trenarane Emil Johannes Dahlen Folkestad og Hiwa Alipoor.
1234...8Neste
ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR